Nede i museumsmagasina finn fleire gjenstandar eit nytt og betre tilvere.
No har den store samlinga av bogtre ved museet fått ei betre framtid. Kva inneber det?
Bogtrea var før solide bruksreiskap for hest. Dei fleste bogtrea i museumssamlinga var til festbruk. Dei har ein utsøkt dekor som skulle visast fram ved spesielle høve. No, mange år etter, kan treverk nokre stader ha sprukke, måling kan ha begynt å flasse, metall kan ha rusta eller læret kan ha stivna. Bogtrea toler ikkje det dei eingong gjorde.
Sjølv om dei kanskje kan reparerast, er det betre å unngå at skader skjer. Rett lagring er den beste måten å fryse tida på.
No har nær femti bogtre-par funne vegen til kvar si seng av syrefritt skum, med ei dyne av syrefritt silkepapir. Dei er systematisk plassert i syrefrie esker, med etikett utanpå så dei lett kan finnast fram att. Før nedpakkinga vart dei fotografert og protokollane vart undersøkt. Bilete og informasjon er delt på nettstaden DigitaltMuseum.
Vennelagets museumsbodstikke, 15. mars 2022