Hopp til hovudinnhald

Resepsjon og museumsbutikk

Hugs

Førsteinntrykket og formidlinga startar med deg

Ha som mål at både du og museumsbutikken skal skinne! 

Hald deg oppdatert om kva som skjer ved museet i dag - og i sommar. 

Særleg viktig er det å ha oversikt over bestilte grupper; sjekk arrangementskalenderen i bookingen

Publikum først!

Tenk kundereisa; kva ser og opplever dei som kjem? Kan hende bidreg du til å gjere dagen og opphaldet i Valdres til ei positiv oppleving for minneboka? Ha som mål at alle skal kjenne seg velkomne!

  • Stå bak disken om mogleg, og sei hei til alle som kjem inn.
  • Handter kunden som gjesten din. Hugs at du er den fyrste personen kunden møter når dei kjem til museet. Formidlinga starter hos og med deg! Har du tid, slå gjerne av ein prat. Er det andre som venter? Prøv å vere effektiv.
  • Fortell om museet, kva som skjer, kva kunden særleg bør oppsøke; Utstillingane!  Folkemusikkprogrammet? Dyr på området? Er Nystøga eller stølen open? Andre ting? Del ut førar på rett språk. Del ut Vandrekvissen til norsktalende familier med born i passe alder.
  • Om kunden ikkje tek kontakt.; spør om vedkommande treng hjelp. Ver blid og høfleg. 
  • Prioriter kundane fyrst. Ta evt. telefonen, noter nummer og ring tilbake.
  • Bak disken skal ein ein korkje sitte, ete eller drikke. Ha gjerne ei drikkeflaske på kontoret bak disken. Lunsjbordet bruker vi til matpause.
  • Hund på området går fint, så lenge de går i bånd og man holder seg unna dyra i utmarksområdet

Orden

  • Rydd og hald orden ved kassa, på disken, i butikkhyllene og på romma bak disken. 
  • Sørg for å halde døra til lageret lukka.
  • Hugs å prise alt ved varemottak.
  • Fyll på varer (finn du varer som ikkje er prisa, sørg også for å prise desse).
  • Hald orden og legg ting på fast plass.
  • Rydd og tørk støv, koste golvet ofte (gjeld både i butikken, utstillingane, kontor og lager).
  • Sjå over doane i velkomstbygget. Fjern søppel på golvet, skift fulle søppelposer, skjul ned i doane, bruk dobørste ved behov. Søpla kastast i containaren. Dette er ekstra viktig på dager da vi har hatt besøk av store grupper.
  • Sjekk at det er handsprit på dispensaren ved dørene. 
  • Etterfyll brosjyrar på disken.
  • Sørg for å halde personlege eigendelar i garderoben eller usynleg for publikum på lageret bak disken.
  • Alle nøklar skal kvitterast ut og inn – kvar dag!

Telefonen

  • Når publikum ringer hovudnummeret til Valdresmusea, er det telefonen i resepsjonen dei kjem til fyrst. Etter fire-fem ringingar ringar telefonen nede på Anne Marits kontor i administrasjonen.

  • Ta telefonen og presenterer deg. "Hei, dette er Valdresmusea. Du snakkar med ..." 
  • Be kunden sende ein epost med spørsmålet til info@valdres.museum.no dersom spørsmålet krever oppfølging av nokon andre.
  • Oversikt over fast tilsette og deira arbeidsoppgåver skal ligge synleg på kontoret i butikken. I tillegg finn du oversikta her.
  • Bestilling av gruppebesøk; sjå her

Tid til overs?

  • Gjer deg kjent med varene i butikken.

  • Bruk tid på å gjere deg kjent med valdresmusea.no og all informasjonen som ligg på opplæringssida for sommartilsette.

Opning av butikken

  • Er du førstemann i bygget? Skru av hovudalarmen
  • Skru av utstillingsalarmen (Sjekk teksten på skjermen)
  • Sjekk at det er lys på i utstillingane i adm.bygget (lysbryter på innsida av døra mot pauserommet)
  • Opne butikkdøra med 2A-kode-A.​
  • Sett fram bukkene; ute og oppe ved vegen
  • Skru på lys i butikken og i langeleikustillinga (kvit hovudbryter + svart bryter 1 inne i butikk-kontoret)
  • Ta vekk sperrene mot utstillinga og kafeen
  • Skru på film og lysbryter i langeleikutstillinga
  • Sørg for at fotovisinga på skjermen i kongevegutstillinga står på
  • Slå på kassa
  • Les gjennom dagens vaktliste i Planday og kalenderen på nettsida og i Duell:
    • Kven er på jobb kvar?
    • Kven har ansvar for omvising?
    • Kva skjer på museet (bestilte omvisingar, aktivitetar og eventuelle arrangement)?

Stenging av butikken

  • Skru av langeleik-filmen og lys i langeleikutstillinga (svart lysbryter på kontoret)
  • Skjermen/skjermane i kongevegutstillinga kan du la stå på
  • Sett på sperrene mot utstillinga og kafeen
  • Skru av lyset i butikken (brytaren merka nattlys skal vere på)
  • Ta oppgjeret
  • Ta med deg søppel til containaren
  • Sjekk at dørene er lukka i glassgangen mot festsalen
  • Slå på utstillingsalarmen
  • Er du sistemann på huset? Slå på alarmen.

Påkledning

Eigne pene, reine klede:

  • Svarte klede; skjørt, kjole eller lang bukse (ikkje shorts eller korte skjørt)
  • Svart bluse/skjorte (m/button) eller Valdresmusea t-skjorte. Du får låne 2 t-skjortar for sesongen og har sjølv ansvar for reinhald av desse.
  • Tenk alltid at du skal vere representativt kledd
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2