Hopp til hovudinnhald

Repetisjon

Gamle symbol lever lenge – side om side med dei bibelske forteljingane. Hesten, sola og korset gir styrke, og vi finn dei på mykje av det som blir skapt. Stolpekista frå Nørre Berge i Vestre Slidre er frå 1200-talet, og vi finn framleis slike i heimar i nørre Valdres. Kista har ringmønster skore med jern. Stolpane har flettemønster, tre sirklar i kvar sekvens. Bak står med runeskrift: Reidulv gjorde for deg ark.

Mangletreet og hengeskåpet har sirklar i karveskurd. Teppet i åklesmett har sikksakk-bordar og firkantar og er vove med lin i renning og ull i innslaget.

Kannestolen har enkle rankemotiv og markerte profilliner i listverket. Skåpet er frå 1600-talet og har vore brukt til å oppbevare kanner og drikkekar.

Sylvkruset frå Vang har nydelege ranker og var ei gåve til Karen Iversdatter Leganger (1668–1702) og Ludvig Christophersen Munthe (1657–1708) då dei gifta seg i 1686. Kruset er laga av Johannes Reimers (1644–1722) i Bergen.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1