- 1/1
Cathrine Dokken
Grunna varsel om sterke vindkast på Jaslangen i morgon, blir konserten med Ragnhild Hemsing og VETRA flytta til utescena Amfiet på Valdres Folkemuseum. Konsertstart blir som annonsert kl. 20.30. Dørene opnar kl. 18.00. Vi oppmodar om å parkere i sentrum og spasere til museet. Ta gjerne med sitteunderlag/eigen stol. Informasjon om kjøpte bussbillettar kjem direkte frå JVB Tur. Vi skal gjere vårt beste for å lage gode rammer rundt denne flotte konserten, sjølv om det ikkje blir på Jaslangen. Vêret styrer vi diverre ikkje. Vel møtt til konsert på Valdres Folkemuseum!
I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med vår heilt eigen verdsstjerne på scena? Det er ei stor glede for Jørn Hilme-stemnet å presentere Ragnhild Hemsing som sommarens artist på Jaslangen. Vel møtt til magiske kveldstimar med Hemsing i heimlege fjell!
Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres. Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei vakker reise inn i Hemsing si musikalske verd.
Medverkande:
Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin
Mathias Eick – trompet
Steinar Raknes – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon
Marthe Husum – bratsj
Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello
Knut Aastad Bråten – langeleik
Ole Aastad Bråten - langeleik
TID: Tysdag 7. juli kl. 20.30
STAD: Amfiet, Valdres Folkemuseum
ARR: Jørn Hilme-stemnet