Hopp til hovudinnhald

Plateslepp med Helga Myhr

Helga Myhr kjem til Valdres med den rykande ferske plata "Natten veller seg ut". Plata vart spelt inn på husmannsplassen på Valdres Folkemuseum i sommar. Etter konserten blir det dans.

TID: ​Fredag 25. oktober 2019 kl. 19.00
STAD: Festsalen Valdres Folkemuseum
PRIS: 150 kr
ARR: Valdresmusea og Hilme året rundt

"Gratulerer med meget vakker plate! Det er ikke mange fiks-fakserier på albumet – det er deg og hardingfela i et rom." Les meir om Helga Myhr og plata i Jazznytt her

Om Helga Myhr:

Helga Myhr er hardingfelespelar og songar frå Ål i Hallingdal. Ho er ein sterk tradisjonsbærar innanfor solo hardingfele og improviserar seg ofte gjennom dei spesielle slåttane og songane frå heimtraktane. Med stor nyfikenheit mot ulike klangar ein kan finne i hardingfela, fokuserer Myhr på kreativiteten som oppstår når ein går djupt ned i til dømes rytmer, strøkfigurar og tonalitet til ein tradisjon. Myhr spelar elles i ulike band og konstellasjonar. Ho har til dømes gjeve ut to kritikerroste plater med vokalgruppa Kvedarkvintetten og i vår kom debutalbumet til folkemusikkbandet Morgonrode. Våren 2019 vart ho ferdig med studiane ved Norges Musikkhøgskole som utøvande folkemusikar. 

I haust kjem hennar fyrste soloalbum på plateselskapet Motvind Records som den fyrste utgåva av den nye serien deira: Perspektiv på norsk folkemusikk. Plata vil innehalde eigne, eksperimentelle tolkningar av folkemusikken frå Hallingdal og denne konserten er ein del av hennar platesleppturné. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1