Hopp til hovudinnhald

Kurs i perspektivteikning

På Valdres Folkemuseum

Kursinnhald - AVLYST PGA FOR LITEN PÅMELDING

Me har lenge hatt lyst til å kunne læra bort teikning knytt til bygningar og bygningsvern. No blir det alvor av det. Kunstnar Torill Glimsdal har sagt seg viljug til å vegleia oss gjennom dei mest grunnleggande teknikkane. Det blir leikande øvingar med enkle strekar og forsvinningspunkt. Me tek utgangspunkt i nokre av dei gamle bygningane på Valdres Folkemuseum og ser på detaljar og løysingar.

Fakta om kurset

INSTRUKTØR: Kunstnar Torill Glimsdal

TID: Kurset går over 3 kveldar 6., 13. og 20. mars frå 18.00 til 21.00. Det blir servert kaffi, te og litt og bite i undervegs

STAD: Valdres Folkemuseum

PÅMELDINGSFRIST: 23. februar

PRIS: Under 26 år kr 1000,-, vaksen kr 1800,- (rabattpris: kr.1.500,- for medlemmer av Verne-Vøla og dei med årskort for Valdresmusea). Prisen inkluderer materiell

MÅLGRUPPE: Kurset passar for alle over 13 år, anten du har erfaring eller ikkje.

TA MED: Du treng ikkje ta med deg noko, men om du har teikneutstyr er det fint om du tek det med

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Spørsmål og påmelding

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding via påmeldingsknappen under eller ved å kontakte Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook.

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset. 

  • perspektivteikningar av 12 antikvariske hus
    1/1
    Ungdomsskuleelevar frå Nord-Aurdal har gjennom mange år teikna hus på Valdres Folkemuseum. Desse husa vart teikna i 2016. Foto: Anne Marit Noraker
Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 1