Pengegåve til museumsarbeidet?

  •  (Foto/Photo)

Valdresmusea tek vare på minne etter menneske og miljø i Valdres; kunnskap, hus, gjenstandar, arkiv og gamle bilete. Alt dette bidreg til forteljinga om ein gamal og ung valdreskultur. 

MINNEGÅVER: Når ein av dine næraste har gått bort, kan du la dei som ynskjer det gi en minnegåve i staden for blomster. Du kan gjerne kome med ynskje om kva gåva skal bli brukt til. Har du ingen ynskjer, vil gåva gå dit der behovet er størst. Minnegåva vil vera eit verdifullt bidrag til museumsarbeidet.

ANDRE PENGEGÅVER: Også andre pengegåver gjer ein stor forskjell i museumsarbeidet. Har du spørsmål, kontakt seksjonsleiar Anne Marit Noraker eller direktør Ole Aa. Bråten.

Valdresmusea sin gåvekonto er 1503.37.02431 // Vipps-nummeret er 613066. Gåver over 100 000 kr utløyser statlege midlar gjennom ei gåveforsterkingsordning

Mangfoldig museumsarbeid: