Organisering og formål

Valdresmusea as vart etablert i 2006, er museumsorganisasjonen i Valdres, er organisert som aksjeselskap og er eigd av valdreskommunane og to stiftingar.

Valdresmusea driv Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Valdresmusea har avtale med Oppland fylkeskommune om drift av Gardbergfeltet, og er med i ei stifting som driv skysstasjonen Frydenlund i Aurdal. 

Valdresmusea har eit nasjonalt ansvar på bunad- og folkedraktområdet og driv Norsk insitutt for bunad og folkedrakt etter avtale med Kulturdepartementet.

Valdresmusea er ein av fåe institusjonar i landet som bygger folkemusikkinstrument. Aktiviteten omfattar dokumentasjon og bygging av hardingfeler og langeleikar.

Valdresmusea har 23 tilsette og ei årleg omsetting på 17 mill. kroner. Valdresmusea blir drive med støtte frå staten, fylket, kommunane og inntekter frå sal av tenester. Ein får òg prosjektstøtte frå Kulturrådet, Kulturminnefondet, stiftingar og legat.

Formålet til Valdresmusea er å drive bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling av lokal kulturarv. Valdresmusea er kjernemuseum i Noreg i arbeidet med levande folkekultur. Satsingsområda er lokalhistorie, bygningsvern, bunad og folkemusikk.

Overordna arbeidsplan for områda administrasjon, forsking, formidling, forvalting og fornying finn du vedlagt i lenka under.