Hopp til hovudinnhald

Lær om Reinli stavkyrkje

NB! Arrangementet har funne stad

Foredrag

Reinli stavkyrkje Valdresmusea
03. mars 2026
18.00
28. april 2026
18.00
09. juni 2026
18.00
  • Reinli stavkirke forfra i strålende vintervær

Reinli stavkyrkje vart bygt for 800 år sidan i år. I dette høvet inviterer Reinli sokneråd og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) til fleire kveldar der fagfolk fortel om kyrkja. Valdresmusea fortel om det pågåande prosjektet "Kunnskapsløft for middelalderkyrkjene", der vi vil undersøke korleis middelderkyrkjene i Valdres i større grad kan bli ein stad for historisk refleksjon, fellesskap, læring og lokal identitetsbygging. Det er høve til å stille spørsmål og dele lokalkunnskap.

Les meir om Reinli kyrkje her

Foredrag framover (datoar kjem)

  • Elisabeth Andersen, kunsthistoriker, NIKU. 
    Foredrag om inventaret og kunsten i Reinli og om korleis kyrkjerommet har endra seg sidan mellomalderen og til i dag.
  • Helene Svarva, biolog, Nasjonallaboratoriene for datering, NTNU
    Foredrag om dateringa av Reinli stavkirke
  • Mille Stein, konservator tidl. NIKU:
    Foredrag om alterskåpa i Reinli og Hedalen. Resultatene frå arbeidet med alterskapa er publisert i Collegium Medievale og kan lastes ned her

Tidlegare arrangement

Tysdag 3. mars kl. 18.00
Forskar Kjartan Hauglid (NIKU) har gått gjennom kjelder og arkiv hjå mellom anna Riksantikvaren og NIKU og fortel om kyrkja og arbeida som er blitt gjort der gjennom åra.

Tysdag 28. april kl. 18.00    
Pernille Bjørneseth (NMBU) og Ole Fredrik Unhammer (NIKU) fortel om det pågåande arbeidet med 3 D-dokumentasjon av Reinli stavkyrkje.

Tysdag 9. juni kl 18.00
Ingeborg Magerøy (Riksantikvaren) fortel om stavkyrkjene som nasjonalt og internasjonalt fenomen og korleis stavkyrkjene har vore behandla og oppfatta gjennom tidene. Korleis arbeider Riksantikvaren med kyrkjene i dag, og korleis er stavkyrkene i Valdres og særleg Reinli samanlikna med dei andre bevarte stavkyrkjene?