Omvising i utmarksområdet på Valdres Folkemuseum

Guida vandring

  • Biletet viser fiskebua på Valdres Folkemuseum. Bua er kring tre hundre år gamal og vart i 1955 flytt til museet frå Haldorsynøyn ved Bjødnhølen/Vinsteren i Øystre Slidre. Foto: Anne Marit Noraker
    Biletet viser fiskebua på Valdres Folkemuseum. Bua er kring tre hundre år gamal og vart i 1955 flytt til museet frå Haldorsynøyn ved Bjødnhølen/Vinsteren i Øystre Slidre. Foto: Anne Marit Noraker

Valdres Folkemuseum har over hundre hus og anlegg. Mange av dei ligg i utmarksområdet på museet, ovanfor Kviistunet på Storøya. No inviterer Vennelaget for Valdres Folkemuseum til ny kveldsomvising v/konservator Anne Marit Noraker. Denne gongen besøker vi fyrst og fremst den ytre delen av Storøya, der vi mellom anna finn jakt- og fiskeanlegg, fornminne, bekkekverner, stølshus og utløer. Vandringa tek halvannan time. Pris kr 100 (gratis for medlemmer av Vennelaget for Valdres Folkemuseum).

Valdres Folkemuseum, torsdag 10. september 2020 kl. 17.00.