Velkomen til kveldsomvising på i utstillinga Skakke folkedrakter. Utstillinga er produsert av Nasjonalbiblioteket, og Valdres Folkemuseum er fyrste visningsstad.
I "Skakke folkedrakter" har seks samtidskunstnarar undersøkt mangfaldet av kulturar og tradisjonshandverk. Kunstnarane har vore i dialog med handverkarar og kunnskapsberarar, og skapt sine eigne tolkingar gjennom fotografi, vev, keramikk, støymusikk og dans. Tradisjonsrike plagg kan skape sterke kjensler av tilhøyrsle, men også av utanforskap. Kva kjensler vekker dei i deg?
Det er Ingrid Svennæs og Sara van der Moer som held omvisingane.
Munkekroen er open for dei som ønskjer eit måltid i forkant.
Valdres Folkemuseum,
Onsdag 19. juli kl. 18.00
Onsdag 23. august kl. 18.00
Oppmøte ved resepsjonen. Billett kan kjøpast i døra.
Billettpris: Kr 100
Arr: Valdresmusea
Kjøp billett i døra - det er ledige plassar
GRATIS FOR LÆRARAR