Hopp til hovudinnhald

Museumsbesøk for dei minste

Omvisingstilbod

To barn ser gjennom vindauge til eit gamalt hus

Valdres Folkemuseum

Korleis var det å leve i gamle dagar? Velkomen til omvising laga på premissane til ungane. Saman vandrar vi nysgjerrige rundt på museet, undrar oss og lærer.  

Program: Vi tek med ungane på ei vandring ut og inn av historia og går inn i gamle hus, stabbur og låvar. Kven budde der og kva gjorde dei? Ungane får lov til å leite, lukte og lære. Etter omvisinga blir det vandrekviss og tid til leik.

Klassetrinn: 1. og 2. trinn. Siste året i barnehagen. Maks 15 elevar per gruppe.

Klede: Museumsfolket stiller i tidsriktige klede. Vi oppmodar elevar om å gjere det same

Lengde: Opplegget varer cirka 1,5 time

Pris: 50 kr/elev

Til læraren

Alle grupper som deltek i undervisingstilbodet, skal ha med seg ein vaksen, og det er læraren som har ansvaret for gruppa. Ved museet ønsker vi å gi dei unge gode opplevingar. Erfaringa vår er at dei som er godt førebudd, dei lærer mest. Snakk med borna før de kjem; kva er eit museum, korleis oppfører ein seg og kva skal skje under besøket? Meld frå i god tid om de har særskilde behov. Vi gler oss til å sjå dykk!

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2