Hopp til hovudinnhald

Omvisarar

Arbeidsinstruks

Mål med stillinga

  • Guiden er ute i friluftsmuseet heile dagen - med mål å skape gode publikumsopplevingar i form av kunnskapsdeling, gode samtaler, glade dyr, reine hus og ryddig uteområde.

Omvisingane

  • Antrekk: Bunad fram til kl. 16. 
  • Bestilte gruppeomvisingar: Oppmøtestad i butikken.
  • Faste dropin-omvisingar: Kl. 12.30 og 14.30.
  • Sett opp bukk ute m/tekst: GUIDED TOUR 12:30 & 14:30 (v/Handeloftet - som slik blir oppmøtestad - hugs å sette under utstikket der ved regnver og om natta).
  • Oppsøkande guide: Hels på alle forbipasserande, slå av ein prat, still opne spørsmål, stikkord: glede, lunhet, varme. Kor kjem dei frå? Kor lenge har dei vore i Noreg eller Valdres? Ha som mål å skape gode møte!
  • Ta ein prat med alle born. Sjå dei i auga, gå ned på deira høgde. La dei kjenne seg ekstra sett slik at dei trivst på museet.
  • Fagkunnskap: Vi oppfordrar til å bruke sommaren til å søke kunnskap om den lokale kulturhistoria. Både det du finn på opplæringssidene og andre kjelder. Til dømes her.
  • NB: Prøv å ta publikum mest mogleg rundt på området og inn i fleire hus.

Andre oppgåver

  • Låserunde kveld, inkl. foring av dyra.

  • Halde overblikk over hus og uteområde; sjå til at det ser ordentleg ut overalt.

  • Slidrehuset: Sjekk toalette på Slidrehuset eit par gonger i løpet av dagen, og skift søppelpose ved behov.

  • Gamle hus: Tørk støv rundt alle vindauge/karmar, fjern spindelvev ute og inne, kost ​golv både inne og i svalgangar (bruk aldri vatn i dei gamle husa).

  • Amfiscena: Kost golv og benker, fjerne evt. søppel.

  • Ute: Vask over benker, møblar og dei to glasskilta på vegen mot festplassen.

  • Bidra til god pauseavløysing i butikken, og elles vere til stades i butikken ved behov.

  • Hugs at alle her er tilsett for å kunne ta i eit tak der det trengst.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2