Hopp til hovudinnhald

Mellomalderkyrkjeprosjektet

Korleis kan dei åtte mellomalderkyrkjene i Valdres vere ein stad for historisk refleksjon, fellesskap, læring og lokal identitetsbygging?

Opne arrangement framover

Overordna om prosjektet

I Valdres har vi åtte mellomalderkyrkjer – seks stavkyrkjer og to steinkyrkjer. Som attraksjonar er det stavkyrkjene som har vore mest i fokus. Alle kyrkjene er eigd av kyrkjesokna.

Prosjektet Kunnskapsløft for middelalderkyrkjene i Valdres starta i mars 2026. Prosjektet blir til med støtte frå Kyrkjebevaringsfondet. Kyrkjebevaringsfondet er ei tilskotsordning som skal syte for å ta vare på Norges kulturhistorisk viktige kyrkjer.  Fondet er eit samarbeid mellom Riksantikvaren, Den Norske kirke og KA (Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon/hovedorganisasjon for kirkelige og ideelle virksomheter). 

Mellomalderkyrkjene som nasjonale kulturminne: Alle ståande bygningar frå før 1650 er automatisk freda, jamfør kulturminnelova frå 1979. Men stavkyrkjene hadde lenge vore nasjonale ikon og symbol. Kampen for stavkyrkjene som starta på 1830-tallet, med kunstneren J.C. Dahl i spissen, var starten på det som etter kvart vart ei offentleg kulturminneforvaltning i Norge. Stavkyrkjene var viktige i nasjonsbygginga vidare utover på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Den siste stavkyrkja vart riven i 1880-åra.

Mål med prosjektet

Gjennom nær tre år skal vi undersøke og teste ut korleis dei åtte middelalderkyrkjene i regionen vår kan vere ein stad for historisk refleksjon, læring, fellesskap og lokal identitetsbygging.

Vi skal:

  • Undersøke potensialet for formidling og engasjement knytt til dei åtte mellomalderkyrkjene, og bidra til å utvikle nye formidlingsformer
  • Bidra til å styrke mellomalderkyrkjene som møteplassar
  • Kartleggje og vurdere kunnskaps- og kjeldetilfang
  • Utvikle nye strukturar for samarbeid

Vi skal knyte saman bevaring, handverksformidling, besøksforvaltning, verdiskaping, engasjement og utvikling av lokalsamfunna. Samarbeidet med kyrkjeeigarane – nemleg kyrkjesokna og kyrkja som institusjon – er ein føresetnad for å kunne få eit vellukka resultat.

Kven er med?

Mange ulike grupper og aktørar har eigarskap til kyrkjene. Alle mellomalderkyrkjene i Valdres fungerer i meir eller mindre grad som gudshus også i dag – fleire av dei er hovudkyrkja i soknet og den som er i bruk til dei kyrkjelege aktivitetane. Difor er det viktig å involvere kyrkja sjølv, både tilsette, sokneråd, fellesråd og andre frivillige. Besøka i kyrkja er mange fleire enn det som kjem fram i statistikken over besøk i opningstidene i sommarsesongen. Besøka i kyrkja omfattar også dei religiøse aktivitetane.

I tillegg ligg kyrkjene i lokalsamfunn, og folk flest har eit forhold til dei. Men kor sterk er den lokale bevisstheita og stoltheita knytt til mellomalderkyrkjene?

Ei stor gruppe er også dei som besøker kyrkjene – spesielt stavkyrkjene – tilreisande frå andre stader i Norge eller frå andre land og verdsdelar. Kvifor besøker dei kyrkjene? Kva tilfører stavkyrkjene reisa gjennom Valdres?

Det er Valdresmusesa som leiar prosjektet, som blir til i samarbeid med kyrkjeeigarane og ei rekke andre samarbeidsaktørar både lokalt og nasjonalt. På nasjonalt plan kan vi mellom anna nemne forskings- og utdanningsmiljø, Riksantikvaren, NIKU og Fortidsminneforeininga.

Arbeid til no

Fram til no har vi både arbeida med konkrete arrangement, i samarbeid med fleire andre, og hatt fokus på medverknad og dialog. Dialogen og samtalene er avgjerande for å kunne konkretisere arbeidet vidare. Lista under oppsummerer mykje av arbeidet så langt.

  • Møter og intervju med ulike grupper: Tilsette på kyrkjekontora (kyrkjeverjer, kyrkjetenarar, klokkarar, menighetspedagogar, prestane m.m.), sommartilsette omvisarar i stavkyrkjene, sokneråd og fellesråd, og aktuelle samarbeidspartnarar lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Spørjeundersøking blant besøkande og stavkyrkjeguidar i stavkyrkjene sommaren 2026
  • Samarbeid om arrangement: Bygdekveldar med foredrag i og ved Reinli stavkyrkje (samarbeid med soknerådet), og open kveld i Ulnes kyrkje i samband med restaureringsarbeid (samarbeid med fellesråd og sokneråd)
  • Planlegging av seminar i samarbeid med Randsfjordmuseet m.fl. 28.-29. september: «Mellom alter og monter»
  • Undervisningspilot: Samarbeid med kyrkjekontoret i Øystre Slidre og Øystre Slidre kommune (kulturavdeling/Den Kulturelle Skulesekken og ungdomsskulen) om nytt undervisningsopplegg ved Hegge stavkyrkje for 10. trinn hausten 2026

Arbeid framover

Medverknadsarbeidet blir systematisert, og på bakgrunn av funna skal vi stake ut kursen vidare. Retninga må kanskje justerast litt ut frå ønska og behova som har kome fram i møta og kartlegginga. Vi skal både auke kunnskapen og bevisstheita knytt til mellomalderkyrkjene i løpet av prosjektet, og utarbeide konkrete tiltak for arbeidet etter prosjektperioden.

Mellom anna skal vi identifisere kva museet eventuelt kan bidra med på kort og lang sikt for å løfte mellomalderkyrkjene, både for lokalbefolkning og som attraksjon. Mange forslag, ynskjer og innspel skal vurderast, mellom anna:

  • Lett tilgjengeleg informasjon både om kyrkjene og til dømes opningstider
  • Koordinering av guidetenesta, som i dag driftast av det enkelte kyrkjekontor – for å gjere ordninga meir robust og gi betre opplæring
  • Samle kunnskap og utarbeide betre opplæringsmateriell for guidar
  • Bidra til å laga undervisningsopplegg for skuleelevar
  • Besøksforvaltning – kva for besøksgrupper ynskjer vi og korleis kan vi bidra til å legge til rette og styre besøka? Korleis kan mellomalderkyrkjene vera utgangspunkt for møteplassar i bygda, tilhøyrsle og lokalsamfunnsutvikling?
  • Ressursbank for kyrkja sjølv, slik at prestar og andre tilsette samt sokneråd og frivillige enklare kan innlemme historia og kyrkjebygga i si formidling
  • Betre samhandling mellom kyrkjene og museet – og involvere Valdresmusea i dialogen mellom kyrkja, handverkarar og vernemyndigheiter

Prosjektansvarlege