Hedalen stavkyrkje
Kva handlar pilotprosjektet om
Prosjektet Kunnskapsløft for mellomalderkyrkjene i Valdres er eit pilotprosjekt med oppstart mars 2026. Prosjektet blir til med støtte frå Kyrkjebevaringsfondet.
Målet er å forvalte og utvikle potensialet for formidling og engasjement som dei åtte mellomalderkyrkjene i Valdres representerer. Prosjektet inneber òg å kartleggje og vurdere kunnskaps- og kjeldetilfang, samt å utvikle nye strukturar for samarbeid. Gjennom nær tre år skal vi undersøke og teste ut korleis dei åtte mellomalderkyrkjene i regionen vår kan vere ein stad for historisk refleksjon, læring, fellesskap og lokal identitetsbygging.
Bakgrunnen for samarbeidet er at kyrkjeeigarane i Valdres står overfor ei felles utfordring: mangel på ressursar til å halde kyrkjene opne og drive formidling med den kvaliteten og det omfanget som er ønskjeleg lokalt. Dei seks stavkyrkjene i Valdres ligg heilt i botn av den nasjonale besøksstatistikken, og dei to steinkyrkjene er i liten grad opne for publikum.
Kva skal gjerast?
Kartleggje og produsere kunnskap og kjeldetilfang: Kartleggje kjelder, praksis og behov, og avdekkje kunnskapshol. Drive opplæring og kompetanseheving. Utvikle digital kunnskapsbank. Målet er å styrkje kunnskaps- og kompetansegrunnlaget for bevaring og formidling av kyrkjene i Valdres.
Stryrkje og fornye formidlinga: Utforske metodar og utvikle nye omvisingar og skuleopplegg. Lage pilotar for filmar, digitale guidar og QR-løysingar. Arrangere to større formidlingsseminar. Målet er å teste ut nye formidlingsformer som styrkjer lokal forankring, engasjerer publikum og utvidar forståinga av kyrkja si rolle.
Bidra til å utvikle kyrkjebyggja som møteplassar: Vidareutvikle møteplassar og dialogarenaer. Involvere lokalbefolkninga og bidra til auka frivillig engasjement. Utvikle møteplassar der vi tek i bruk nye metodar for dialog og medverknad. Utvikle nye strukturar for samarbeid. Målet er å styrkje det lokale eigarskapet og samarbeidet med innbyggjarar, gjester og frivillige.
Kven er med?
Det er Valdresmusesa som leiar prosjektet, som blir til i samarbeid med kyrkjeeigarane og ei rekke andre samarbeidsaktørar både lokalt og nasjonalt: Kyrkjeeigarane og prestekollegiet. Reiselivet. Skular, forskings- og utdanningsmiljø. Frivillige og lokalbefolkning. Barn og unge. Handverkarar og næringsliv. Turistar og hyttefolk. Riksantikvaren, NIKU og Fortidsminneforeininga.
Forventa resultat
Prosjektet skal bidra til å styrkje formidling, samarbeid og engasjerande besøksopplevingar. Dette skal bidra til å utvide perspektivet på kva kyrkja kan vere i vår tid: ikkje berre eit religiøst rom, men òg ein stad for læring, fellesskap, historisk refleksjon og lokal identitetsbygging.
Prosjektet er tenkt som ein katalysator for eit større løft der målet er å knyte saman bevaring, handverksformidling, publikumsutvikling, verdiskaping, engasjement og ei sterk utvikling av lokalsamfunna. Gjennom tverrfagleg samarbeid og solid lokal forankring håpar vi å bidra til å gi kyrkjene i Valdres nytt liv – som opne, inkluderande og kunnskapsberande møteplassar.