Hopp til hovudinnhald

Nyttevekstar på museet

Kveldsomvising

Velkomen til kveldsomvising på Valdres Folkemuseum. Tema for denne omvisinga er utnytting av nyttevekstar til mat, medisin eller farging. 

Bli med å oppdage kjente og kan hende ukjente nyttevekstar og "ugras". Vi besøker både nytteveksthagen og andre delar av friluftsmuseet, og vil også snakke om kva som vart nytta som tillegsfôr til dyra, slik som mose, lauv og bark. Det er mykje å lære av korleis folk klarte seg i det gamle bondesamfunnet, der ein stelte naturen, dyra og kvarandre som best ein kunne – slik at ein kunne klare seg gjennom lange vintrar.

Det er publikumsansvarleg One Enerud som viser rundt.
Munkekroen er open for dei som ønskjer eit måltid før vandringa.

Valdres Folkemuseum, onsdag 5. juli 2023 kr. 18.00.
Oppmøte ved resepsjonen.

Billettpris: Kr 100
Arr: Valdresmusea

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2