Hopp til hovudinnhald

Nye tilsette ved museet

  • Bilde av Ragnhild og Jan

Det er ei stor glede å kunne meddele at Jan Dokkehaugen og Ragnhild M. Bø har begge takka ja til stillingar ved Valdresmusea.

Jan Dokkehaugen er ein svært dyktig handverkar, har lang fartstid med restaurering av antikvariske bygg, og var lenge tilknytt bevaringsprogrammet for stavkyrkjene. Per tid arbeider han i Slidre Bygg. Vi ser fram til å ei styrking av den antikvariske seksjonen. 

Ragnhild M. Bø jobbar i dag som førstelektor i kunsthistorie ved institutt for kunsthistorie ved Universitetet i Oslo. Bø har vore forskingsleiar ved Nasjonalmuseet og har lang erfaring i forsking på eldre historie, kyrkjekunst, historiske portrett og mykje meir. Det er gledeleg å – for fyrste gong – tilsette ein 1. konservator med forskingskompetanse.

Jan og Ragnhild vil berike arbeidet ved Valdresmusea på en svært god måte. Vi ynskjer Jan og Ragnhild velkomen til oss.  

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2