Norsk bunadhistorie og lokalt handverk - frå 24. april 2021

  •  (Foto/Photo)

Våren 2021 opnar nye basisutstillingar ved Valdres Folkemuseum. Utstillingane er teikna av det annerkjende arkitektkontoret Snøhetta. 

Den norske bunadhistoria
Ved Valdres Folkemuseum har ein sidan 1986 drive eit nasjonalt dokumentasjonsarbeid på bunad og folkedrakt. I den nye utstillinga på Valdres Folkemuseum viser vi for fyrste gong på fleire år den store bunadsamlinga tilhøyrande Norsk institutt for bunad og folkedrakt. Utstillinga fortel historia om pionerane i den tidlege draktforskinga. I tillegg til forskarar som Hulda Garborg og Ågot Noss, møter vi også kongelege bunadsberarar som dronning Maud og dronning Sonja. 

Handverk frå Valdres
I den nye utstillinga kan du også sjå skattar frå museet si eiga rikhaldige samling. Utstillinga – som er forteljinga om eit dalføre gjennom tusen år – viser alt frå kyrkjestolar frå mellomalderen til 400 år gamle drikkebeger, musikkinstrument frå 1700-talet, kister, skåp og vakre klede. Utstillinga viser korleis ein heimleg kultur står i spennet mellom det lokale og impulsar utanfrå, og korleis handverkarar med forankring i lokale formuttrykk på same tid baner veg for innovasjon og nyskaping.

Ope for alle frå 24. april 2021.