Hopp til hovudinnhald

Naturkrise = kulturkrise

Konferanse på Lillehammer
28. og 29. oktober 2024

Presset på naturen er større enn nokon gong. Kva gjer vi for å sikre ei berekraftig framtid for naturen – og menneska?

Nedbygginga av fjellet er ei aktuell problemstilling her heime. Rundt om i verda er det krig og uro. Over det heile trugar ei global klimakrise sjølvforsyninga og bevaringa av matjorda i mange land. Kva gjer vi for å sikre naturen og kulturen for framtida? Velkomen til konferansen naturkrise = kulturkrise på Maihaugen på Lillehammer 28.–29. oktober 2024. Til seminaret kjem James Rebanks – sauebonde og bestseljande forfattar frå England. Det same gjer bloggar og vaktbikkje Anders Nordstad, stjernekokk og Credo-eigar Heidi Bjerkan og mange, mange fleire.

Påmelding, pris, overnatting

STAD: Maihaugen, Lillehammer

TID: Måndag 28.— tysdag 29. oktober 2024

MÅLGRUPPE: Alle med interesser for utviklinga i fjellet og utmarka

PRIS: Kr 800 (inkl. lønsj)

PÅMELDING: Klikk her

PÅMELDINGSFRIST: 11. oktober

KONFERANSEHOTELL: Scandic Lillehammer Hotel. Lenke til bestilling her eller ring telefon 61 28 60 00. Referansekode BSTI281024.

ARRANGØR: Maihaugen, Valdresmusea, Randsfjordmuseet, Gudbrandsdalsmusea og Anno Museum

--

Konferansen er del av museumsprogrammet «Eit skigardsdele». Programmet har støtte frå Kulturdirektoratet.

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1