-
Anne-Marte Før
Valdres Folkemuseum er ikkje berre eit kulturhistorisk skattkammer – det er òg ein stad der naturen spelar ei viktig rolle. Museet ligg vakkert til ved Strandefjorden, med både kulturlandskap, skog og utmark, dyre- og fugleliv.
Kulturlandskap
Blomsterenga på museumshaugen har eit rikt artsmangfald. Om sommaren kan du oppleve både ljåslått og hesjing.
Nyttevekstar
I nytteveksthagen finn du stauder, urter, bærbuskar og prydvekstar. Valdres Hagelag bidreg med viktig dugnadsinnsats for å stelle hagen. Vi dyrkar òg potet både på museumsgarden Kvie og på husmannsplassen frå Øvre Frigstad. I september kvart år får 6. klassingane i Valdres lære om nyttevekstar, matstell og potetopptak.
Utmarka
I utmarka finn du lyng og sopp, og på ettersommaren kan du gjerne plukke blåbær her. Skogen består særleg av bjørk, furu og gran, men òg rogn, selje og osp. Går du naturstien langs vatnet, finn du ei mengde plansjar om naturen som Oppland skogselskap har laga.
Dyreliv
Om sommaren beitar kyr og sau på området, og du kan òg sjå gris og høns. Heile året hender det at ekorn, rev, rådyr og elg dukkar opp – så hugs å halde hunden i band!
Fugleliv
Meisar, flaggspett, pilfink, trostar, raudstjert, låvesvale og tårnseglar hekkar i og ved dei gamle bygningane. Seinare på sommaren dominerer dei karakteristiske srrii-srrii-ropa frå tårnseglarane.
Vatn
På stølsområdet finn du små vatn og ein bekk. Langsmed bekken ligg både mjølkeavkjøling og kvernhus. Strandefjorden gir storslått utsikt og høve til å oppleve vatnet på nært hald, anten du vandrar opp til stølen, langs naturstien eller set deg på ein stein ved breidda. Den nye leikeplassen på festplassen ligg òg idyllisk til nær fjorden.Om vinteren legg isen seg på fjorden og skapar eit vakkert vinterlandskap.
- 1/7
Jente som lukter på ein potetblomst Anne-Marte Før - 2/7
Julia Helgesen - 3/7
Erling Johme - 4/7
Fredrik Calmeyer - 5/7
Anne-Marte Før - 6/7
Anne-Marte Før - 7/7
Anne-Marte Før