Hopp til hovudinnhald

National Children’s Chorus

  • National_Childrens_Chorus
    National_Childrens_Chorus

National Children’s Chorus består av 81 amerikanske barn og ungdomar frå 5 til 17 år, frå meir enn 300 skuler over heile USA. Dei får ein omfattande opplæring, og held konsertar på store scenar, med dei største orkestra og dirigentane i USA. Kvar sesong har dei eit nytt tema som utgangspunkt for konsertane, og kvar sommar turnerar dei i ei rekke land både i Europa og Asia. 

I år er dei i Noreg og Danmark i ti dagar, og dagen før dei skal halde konsert i Operaen i Oslo, kjem dei innom Valdres Folkemuseum. 

Her skal dei fyrst og fremst ha ein kort stopp for å ete, men dei vil også synge nokre songar i museumsamfiet til glede for dei besøkande.

STAD: Utescena, Valdres Folkemuseum
TID: Sundag 14. juli 2024, ca. kl. 11

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2