Det var fyrstesidestoff og store oppslag då den gamle Chevrolet-bussen i 1995 fekk sin nye heim på Valdres Folkemuseum.
Fem år tidlegare hadde veteranbussentusiasten Audun Bratrud kjøpt bussen tilbake til distriktet. Den gamle rutebilen frå Sørlandet hadde vorte fullstendig vrak, og det opphavlege karosseriet hadde for lengst smuldra opp. Understellet vart omsorgsfullt oppattbygt av Torfinn Frøysaa frå Vennesla, og han var også meister for å gjenskapa ein mest mogeleg korrekt replika av det gamle busskarosseriet.
Dåverande museumsstyrar Rolf Karlberg og tilsette Ragnar Christoffersen tok initiativet til at bussen skulle koma til Valdres Folkemuseum. Museet hadde planar om å fokusere på tema rundt det gamle reiselivet i Valdres, og bussen ville her vera ei levande brikke.
Det var vanskeleg for museet å finansiere kjøpet, så Christoffersen fann på å vende seg til det lokale næringslivet for å få hjelp. Dåverande forsikringssjef for Valdres Gjensidige Brannkasse, Arne Kårbø Erichsen, tente på ideen, og fekk med seg styret sitt. Slik gjekk det til at Valdres Gjensidige Brannkasse kjøpte bussen. Selskapet står framleis som formell eigar, men stiller han til rådvelde for museet.
Dei to fyrste sumrane var bussen ofte å sjå i bybildet på Fagernes. Nesten dagleg frakta bussen turistar mellom den no nedlagte Esso-stasjonen og museet, ein fin måte å dra opp besøkstalet på.
Chevrolet-bussen er ein typisk representant for si epoke. Han er bygd med inngangar langs heile høgre side, ei dør for kvar seterad. Denne løysinga var ikkje veldig populær blant sjåførane. Det skapte mykje ekstra arbeid ved billettsalet.
Her i Valdres kjenner vi til tre slike Chevrolet-bussar frå denne perioda. Sigurd Granheim i Begnadalen, Ola G. Paulsrud i Øystre Slidre og Etnedal Kommunale Bilselskap hadde kvar sin. Ingen av desse finst lenger, så difor er det svært på sin plass at museet tek ansvar for denne flotte representanten for sin stand.
I dei seinare åra har ikkje bussen vore mykje å sjå. For det meste står han roleg i garasjen, men var ute på vegen i samband med Rutebiltreffet på Fagernes våren 2010 og i opptog for LiV-dagane sist sumar.
Oddrun Hegge
Avisa Valdres, november 2012