Kursinnhald
Eigarane av dette steinfjøset ynskjer å ta det i bruk att i næringa si, som er geitehald. Det er ei glede å kunne få hjelpa dei med å setja det i stand, og vera med å ta vare på denne viktige tradisjonen, særleg for dei, men også for historia rundt stølslivet før og no. Støling er akkurat skrive inn på Unesco si verdsarvliste, så dette er viktig! På årets murarkurs kan du difor vere med å redde eit viktig kulturminne i Skakadalen i Vang.
Fakta om kurset
INSTRUKTØRAR: Knut Andreassen og Hans Magne Lunde
STAD: Skakadalen i Vang
TID: 7. til 9. august, kl. 09.00-16.00 (21 timar)
INNHALD: Dokumentasjon av skadane, demontering av det nødvendige og oppattmuring.
PRIS: 3200 (standard) materiell er inkludert
Kr 3000 for medlemmer av Verne-Vøla
Kr 3000 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 1600 for dei under 26 år (PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra)
PÅMELDINGSFRIST: 15. juli 2025
ARRANGØR: Valdresmusea