Hopp til hovudinnhald

Smiing av munnharpe

På Valdres Folkemuseum

KURSINNHALD

Velkommen til ungomskurs (16-26 år) i smiing av munnharpe. Målet er at alle deltakarane får ferdigstilt ei munnharpe. Lyd blir det nok i alle harpene. Ta kontakt om du er usikker på om kurset er egna for deg.

FAKTA OM KURSET

INSTRUKTØR: Kniv- og munnharpesmed Sven Håkon Jørgensen 

STAD: Valdres Folkemuseum

TID: 15.,16. og 17. mars (20 timar): Fredag 16–19, laurdag 9–17, sundag  9–14

MÅLGRUPPE: Kurset er fortrinnsvis for ungdommer / unge vaksne i alderen 16–26 år. 

PRIS: Kr 1.200 (evt. over 26 år kr 2.200)

PÅMELDINGSFRIST: 4. mars

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Spørsmål og påmelding

Tonette Glimsdal Eberspacher
Epost: Tonette.Eberspacher@valdres.museum.no
Tlf: 480 72 651
Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes


OM KURSHALDARAREN

Sven Håkon Jørgensen er frå Arendal og fødd i 1960. I perioda 1986 til 1994 jobba han i Bykle i Setesdal, der fekk han vekka si interesse for folkemusikk og då særskilt munnharpa. På fritida dreiv han og naboen Folke Nesland med knivsmiing. Men rundt 1991 bytta dei ut knivsmiinga med munnharpesmiing, og slik vart det deretter. I dag er framleis begge aktive, og dermed er dei òg dei munnharpesmedane med lengst erfaring av dei aktive i dag. Sven Håkon smir munnharper i setesdalstradisjon med innfesting av fjøra i hol med kile. Fjøra er relativt stiv og gir høve til kraftfullt og raskt spel, noko som er typisk for setesdalstradisjonen. Les meir her.

Kloke hender

Kurset er del av Valdresmusea sitt kurssatsing for unge og er støtta av DNB Sparebankstiftelsen.

  • Sparebankstiftelsen DNB logo
    1/1
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1