Hopp til hovudinnhald

Mongolar i Noreg på Marco Polos tid

Foredrag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
01. des. 2026
19.00
  • portrett av mann med briller
    Bjørn Bandlien USN

I 1286 tok Eirik Magnusson imot eit sendebod frå tartarkongen. Kven var han, og kva ville han her – i verdas utkant?

Tartarane var mellomalderens namn på mongolane, som under Djengis Khan hadde fare fram over heile Asia og halve Europa. Det europeiske kontinentet var på denne tida prega av alliansar og maktspel, mellom ulike fyrstar og mellom kyrkja og kongemakta, og ikkje minst mellom kristne og muslimar. Dette var krosstoga si tid.

Men hundreåret frå om lag midten av 1200-talet til midten av 1300-talet har òg vorte kalla mongolane sitt hundreår. Dei mongolske herskarane kontrollerte ikkje berre enorme landområde, men òg handelsrutene for verdfulle varer som silke, tekstilar og krydder.

Historia om mongolane sitt diplomatiske framstøyt i 1286 kastar nytt lys over den tidlege mellomalderen i Noreg. Med tartarane sitt sendebod får vi eit glimt inn i ei global historie som òg Noreg var ein del av, i ei tid før den vestlege sivilisasjonen dominerte verda. Rika i aust og vest var på 1200-talet knytte saman gjennom ferdselsårer som ikkje berre formidla varer, men òg kunnskap og førestellingar. Slik vi opplever i dag, fekk hendingar i eitt hjørne av verda innverknad på menneske tusenvis av kilometer borte.

Men kva var det vi hadde som kunne interessere ein mongolsk konge?

Velkomen til foredrag ved Bjørn Bandlien!

TID: Tysdag 1. desember 2026 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Kjøp billett i døra

Om Bjørn Bandlien

Bjørn Bandlien er professor i eldre historie på Universitetet i Sørøst-Noreg. Han er dr.philos. frå Universitetet i Oslo, og har forska særleg på kjønn korstog og kulturhistorie i vikingtid og mellomalder.