Hopp til hovudinnhald

Metalldetektormøte

NB! Arrangementet har funne stad

Ope møte

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
12. april 2026
12.00 – 15.00

Innlandet fylkeskommune er opptekne av å ha eit godt samarbeid med detektoristar. Dei kan gjere ein viktig jobb med å redde kjelder til Innlandets og Noregs historie.

No inviterer fylkeskommunen til møte i Slidrehuset på Valdres Folkemuseum. Det blir eit lite innlegg om kva lover og retningsliner som gjeld ved bruk av metalldetektor. Elles legg vi opp til at folk kan komme med spørsmål om funn og eventuelt vise fram funn dei har med seg. Ope for alle! Det er hyggeleg om du har lyst til å møte opp, anten du bruker metalldetektor eller ikkje. Det blir servert kaffe og kake. Velkommen!

TID: Sundag 12. april 2026 kl. 12-15
STAD: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
ARR: Innlandet fylkeskommune og Valdresmusea