Kyrkjene er mektige historieforteljarar – og kjelder til kunnskap om samfunnet i eldre tid. Kyrkjene er òg omdreiingspunkt for utvikling av ny kunnskap, og dei står stadig i sentrum for dialog om tilhøyr og fellesskap. Slik har kyrkjene stor betydning for forminga av også moderne identitetar.
Kyrkjene er heilage tempel, men dei har òg bidratt til forsking og kunnskapsutvikling – om alt frå kunst, musikk, arkitektur, samfunn og økonomi. Saman med musea og andre kulturarvseigarar forvaltar kyrkjene uerstattelege verdiar, og dei dannar eit grunnlag for vitskapen og forståinga vår av verden.
Valdresmusea, Randsfjordmuseet, kyrkja i Valdres og NIKU inviterer no til kyrkjeformidlingsseminar i Valdres. På seminaret undersøker vi kva vi kan oppnå med eit tettare samarbeid mellom musea og kyrkja. Korleis kan vi i fellesskap utvikle ny kunnskap om kyrkje, samfunn og kulturarv? Målgruppa er kyrkjeeigarar, museum, forskingsmiljø, forvaltninga, omvisarar, reiseliv og andre interesserte.
Praktisk info og påmelding
TID: 28. og 29. september 2026
STAD: Valdres Folkemuseum og Ulnes kyrkje
MÅLGRUPPE: Kyrkjeeigarar, museum, forskingsmiljø, forvaltninga, omvisarar, reiseliv og andre interesserte
PRIS: Kr 1800 (inkluderer buss til og frå kyrkja, lunsj og middag)
PÅMELDINGSFRIST: 20. september 2026. Bindande påmelding.
OVERNATTING: Du tingar overnattinga di sjølv, og bør gjere samstundes med at du melder deg på. Scandic Valdres, tlf. 61 35 80 00 // Fagernes Camping, tlf. 61 36 05 10
ARR: Valdresmusea, i samarbeid med Randsfjordmuseet, kyrkja, NIKU og fleire samarbeidspartnarar
ARRANGEMENTET ER FULLBOOKA
Program
Måndag 28. september
10.00 Høve til å sjå utstillingane på Valdres Folkemuseum
11.00 Lunsj og registering
A: Kyrkja før – historie, funksjon og handverk
12.00 Opning
Klukkelåtter på langeleik, v/Gunvor Hegge
Velkomen
12.10 Musea bygger samfunn
Presentasjon av kyrkjeformidlingsprosjekta som blir leia av Valdresmusea og Randsfjordmuseet. Korleis jobbar musea med kunnskap, formidling og møteplassar?
Nina Espeseth Grønbrekk, Valdresmusea
Solfrid Myhre, Randsfjordmuseet
12.30 Kyrkja bygger samfunn
Kyrkja har alltid vore i endring og i skjeringspunktet mellom tru/dogme og samfunnet sine forventningar og behov. Korleis har kyrkja si rolle som verdiforvaltar, samfunnsbyggar og møteplass utvikla seg gjennom tidene?
Hallgeir Elstad, professor i norsk kyrkjehistorie
13.00 Kyrkjene som kjelder
Kvifor er vi så opptekne av mellomalderkyrkjene våre, og korleis har dei stadig har noko nytt å lære oss?
Ingeborg Magerøy, fagdirektør Riksantikvaren
13.30 Kaffi og fingermat
B: Kyrkja i dag: Roller, praksisar og utfordringar
14.00 Det sanselege kyrkjerommet
Korleis verkar kyrkjerommet gjennom sansar, romkjensle, lyd, lys og liturgisk praksis? Salmesong, kyrkjemusikk, lokalhistorie, litteratur og kyrkjekunst som berekraftige tradisjonar og levande kulturarv
Therese Wagle Bazard, prest i Gran og Tingelstad på Hadeland
14.30 Når kyrkja forsvinn
Det er ofte mykje ledig plass i benkane under gudstenestene. Mange hevdar dei ikkje har særleg forhold til kyrkja. Likevel, når kyrkja brenn, mobiliserer folk i store flokkar. For det som blir borte. For kulturarven som forsvinn. Kva slags kraft blir mobilisert når kulturminne går tapt? Kva skjer med eit lokalsamfunn når kyrkja brenn?
Ingrid Staurheim, fagdirektør sikring av kyrkjebygg i KA (Kyrkjas arbeidsgjevarorganisasjon)
15.00 Pause
15.15 Kyrkjeverje i skvis
Kyrkjeverjene har ansvar for at kyrkjene blir godt tekne vare på – både som kulturminne og som levande møteplassar. Kva inneber dette av utfordringar og moglegheiter?
Silje Hammerstad, kyrkjeverje i Vang
15.45 Tillit, skepsis og samarbeid
Om samarbeidet mellom museet og dei ulike kyrkjesamfunna på Stiklestad i samband med Nasjonaljubileet. Jubileet markerer 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad og kristninga av Noreg. For kyrkjene er dette ein historisk milepel som blir feira på tvers av trussamfunn gjennom pilegrimsvandringar, fellesgudstenester og arrangement som løfter fram olavsarven. Kva for felles visjonar og moglegheiter kjem fram gjennom samarbeidet?
Heidi Anett Øvergaard Beistad, direktør Museene Arven
16.15 Samtale: Kyrkja i spagat
Kva slags utfordringar møter kyrkja i dag? Korleis handterer kyrkja spagaten mellom dei mange rollene ho skal fylle? Og kva kan musea og kyrkja samarbeide om?
Innleiing ved Ole Kristian Bonden, biskop i Hamar bispedømme
Therese Wagle Bazard, prest i Gran og Tingelstad på Hadeland
Ingrid Staurheim, fagdirektør sikring av kyrkjebygg i KA
Silje Hammerstad, kyrkjeverje i Vang
Heidi Anett Øvergaard Beistad, direktør Museene Arven
17.00 Avslutning dagens program
19.00 Middag på Valdres Folkemuseum, inkl. underhaldning med Sulamitt Trio
Tysdag 29. september
C: Ulnes kyrkje som case
8.00 Avreise til Ulnes
Buss frå Scandic Valdres (avgang kl. 8.00) og Valdres Folkemuseum (avgang kl. 08.05) til Ulnes kyrkje. Det er også mogleg å køyre eigen bil.
8.30 Velkomen til Ulnes
Trio Sulamitt
Geir Wiknes, prest i Ulnes
Anne Marit Noraker, seksjonsleiar Valdresmusea
8.45 Introduksjon av Ulnes kyrkje
Grunnleggjande bygnings- og brukshistorie.
Morten Stige, Fabrica
Kjartan Hauglid, NIKU
9.15 Handverk og bevaringspraksisar i Ulnes
Korleis fortel kyrkjas inventar og kalkmaleri om bruk og kyrkjeleg praksis gjennom tidene.
Elisabeth Andersen, NIKU
Morten Stige, Fabrica
09.45 Kunstnarisk innslag, beinstrekk
10.00 Ulnes kyrkje i lokalhistoria
Om lokale handverkarar, prestar, myter og segn
Jahn Børe Jahnsen, lokalhistorikar
10.30 Klangen av fortida
Om kyrkjeklokketradisjonar og gravferdsskikkar i Valdres
Henning Andersen
11.00 Buss tilbake til Valdres Folkemuseum
11.15 Lunsj
12.10 Istandsetting som kunnskapsprosess
Istandsetting av kyrkjebygg som kunnskapsprosess og verdien av tverrfagleg samarbeid. Kva finn vi og kva forstår vi, når vi planlegg og gjennomfører istandsetjingsprosjekt? Kva kan gå tapt dersom vi ikkje har kunnskapsperspektivet på arbeidet vårt?
Morten Stige, Fabrica
12.40 Kva saknar vi av kunnskap og formidlingstiltak?
Kva meiner publikum?
D: Kva drøymer vi om?
13.00 Besøksforvalting, kulturarv og museumspraksis
Om balansen mellom masseturisme og bygdas kyrkje. Kva slags besøk er ynskjeleg, og korleis kan turisme gi tilbake til lokalsamfunnet og bidra til sosial berekraft?
Hanne Lykkja, besøksforvaltar og prosjekttilsett ved Valdresmusea
Astrid Galstad, rådgjevar formidling og publikumsutvikling, Fortidsminneforeininga
13.30 Kaffi og biteti
14.00 Framtidas kyrkjerom
Kyrkjene har i hundreår vore rom for livsriter, sterke forteljingar, fellesskap og utanforskap. Kva slags roller har kyrkjebygga i dag? Korleis har forteljingane enda seg i takt med eit samfunn der færre deltar i tradisjonelt trusliv, men fleire brukar romma som kulturarenaer, historiske rom eller stille stader?
One Enerud, humanist
Geir Wiknes, sokneprest i Ulnes
14.30 Mellomalderkyrkjene som attraksjon og oppleving
Gir samtalen på seminaret meining for unge kunstnarar?
Sofie Grøv Hauland, musikkstudent og sommartilsett på Valdres Folkemuseum
Mari Askvik, frilandsmusikar
15.00 Takk for i dag
E: Høve til å besøke Reinli stavkyrkje
15.30 Kjartan Hauglid, NIKU
Spørsmål?
Kontakt Anne Marit Noraker, anne.marit.noraker@valdres.museum.no, tlf. 91103969
Reise og transport
Du tingar/organiserer reisa di sjølv. Kollektivtransport til Fagernes med buss frå ulike avreisepunkt: NOR-WAY Bussekspress | Vy | Skyss
Måndag 28. september
Buss frå Oslo (Vy): Oslo – Fagernes kl. 8.30 - 11.35
Buss frå Oslo (NOR-WAY bussekspress): 9.00 - 11.55
Buss frå Bergen (Vy): Bergen – Fagernes kl. 9.00 - 15.22
Buss frå Lillehammer (Vy): Lillehammer – Fagernes kl. 9.15 - 11.31
Buss frå Gjøvik (Vy): Gjøvik – Fagernes kl. 9.57 - 11.31
Buss frå Gol – Fagernes (Innlandstrafikk): 12.10 - 13.15
Tysdag 29. september
Fagernes – Oslo (NOR-WAY bussekspress): 16.00 - 18.58
Fagernes – Oslo (Vy): 15.35 - 18.35
Fagernes – Bergen (Vy): 11.45 - 18.05
Fagernes – Gjøvik/Lillehammer (Vy): 15.30 - 17.06/17.43
Fagernes - Gol (Innlandstrafikk): 13.45 - 14.50
Fagernes skysstasjon ligg rett ved Scandic Valdres. Det er 6 minutters gange til museet.
Om prosjektet Kunnskapsløft for mellomalderkyrkjene i Valdres:
Bilete frå Ulnes kyrkje
Foto: Anne Marit Noraker
- 1/8
Dåpsengel i Ulnes kyrkje Anne Marit Noraker - 2/8
Utsnitt frå altertavla i Ulnes kyrkje Anne Marit Noraker - 3/8
Døypefontlokk i Ulnes kyrkje Anne Marit Noraker - 4/8
Dåpsengel laga av bilethoggaren Ole Fladager frå Ulnes Anne Marit Noraker - 5/8
Ulnes kyrkje Anne Marit Noraker | - 6/8
Anne Marit Noraker - 7/8
Anne Marit Noraker - 8/8
Anne Marit Noraker