Hopp til hovudinnhald

Med bust om leggen

Skohistorie


Til sko har det opp gjennom tidene vore nytta både halm, never, lær, skinn/hud og tre. Sko av tre, halm og never var mest nytta sommarstid og til innebruk. Tresko var ofte laga av bjørk eller or. Sko av or var lettare på foten, medan sko av bjørk var meir slitesterke. Ein hadde gjerne eit par tresko ein brukte til fjøsstell, og eit slag nettare som ein brukte inne. Til bruk inne var det også vanleg med fletta sko av never eller halm. Elles var det nok sommarstid vanleg å gå berrføtt.

Vinterstid i kaldt turt ver var hudsko eller «fetsko» mykje nytta. Desse laga dei gjerne sjølve på gardane. Det var huda på ku- eller kalvebein som gjerne vart nytta, men også av saueskinn og reinsdyrskinn. Skinnet vart barka, og håret sat gjerne på. Om det var klauver på skinnet vart desse plassert framme som feste for skibindingane. Skoa vart gjerne fora med halm el. «Skoklut» surra rundt føtene var også vanleg i skoa.  

Sko og støvlar av lær vart gjerne laga av omreisande skomakarar. Når skomakaren og drengen kom på ein gard, laut læret bearbeidast før sjølve arbeidet tok til. Ofte hadde dei heimebarka lær, eller dei fekk læret att frå garveriet «halvbereidt» som dei kalla det. Læret laut då fargast og smørjast. Dei kokte gjerne talg og anna skrapfeitt og blanda saman med tyritjøre, før dei strauk dette over læret. Så vart læret rulla saman og arbeidd med til smurningen var trekt godt inn og læret var mjukt og passe feitt. Drengen sytte for å gjera klart bektråd og trepluggar av bjørk. Bek laga dei ved å koke inn tyritjøre. Dette kunne vera eit farleg arbeid då tjøra lett kunne skumme over og ta fyr. Dette førearbeidet vart betalt med hus og mat. Skomakaren levde slik ofte under kummerlege kår. Til kvardagsbruk laga dei gjerne «tæso» av det tynnare læret. 

Det har opp gjennom tidene funnest mange ulike modellar av enkle flate lærsko. Ikkje uvanleg var det at desse var pynta med skospenne slik me kjenner frå bunadsko i dag. Mangfaldet var likevel så utruleg mykje større enn det som blir brukt til bunaden i dag.  

Stian Roland, tidlegare leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Avisa Valdres, desember 2013

  • 1/2
    Desse to skoa er funne i Ulnes. Begge er laga av hud/skinn og har sålar av lær i eitt lag. Overdelen er av kuskinn med hår. Skoen til venstre har oppklipt kort splitt midt framme. Bakre delen er av glatt skinn og det er påsydd ein krage langs øvre kanten. Skoen har skinnsnøring i eine sida. Skoen til høgre har overdel framme av kuskinn med hår, medan bakre delen er av grisehud med bust. Foto: NBF
  • 2/2
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1