Hopp til hovudinnhald
Prosjekt

Mathandverk og levande stølskultur

Korleis bygge stoltheit for norske mattradisjonar og levande stølskultur?

  • budeie på museumsstølen
    Anne-Marte Før

Om prosjektet

Valdresregionen forvaltar sterke, levande kulturtradisjonar. Stølskulturen er ein av desse og det er dei naturgjevne føresetnadane her som har gjort bøndene avhengige av utmarksbeitene. Slik er det framleis. Av 750 aktive stølsbrukarar i Noreg i dag held omlag 1/4 av dei til i Valdres. Valdresmusea har lenge oppskatta denne delen av kulturarven, men landbruket er på retur og det blir stadig færre som får kjennskap til stølskulturen.

På same tid ser vi ei veksande interesse for mat, handverk og sjølvberging. Mykje heng saman med ei fornya interesse for biologisk mangfald og økologi, men også kritiske forhold i verda som krig, naturtap og behov for auka beredskap kan sjåast i samanheng med denne tendensen.

Skal ein skapa interesse for tradisjonskultur vil gevinsten vere størst om ein startar med barn og ungdom. Dei har lett for å herme rørsler, har ein ibuande skapartrong, og eit stort engasjement for miljøet. Med prosjektet skal barn og ungdom få tilgang til utstyr og material – og vaksne og andre ungdomar som dei kan lære av.

Prosjektet har støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Kva skal gjerast?

Vi skal bygge stoltheit for dei norske mattradisjonane og legge til rette for opplæring i mathandverk og deltaking i levande stølskultur. Det skal vi gjere gjennom kurs, sommarjobbar og andre aktivitetar både på og utanfor museumsanlegga.

Satsinga skal søkje synergiar frå andre pågåande prosjekt ved museet, i fyrste rekke handverkssatsinga «Kloke hender – unge talent» og demokratiprosjektet «Ung i dialogen», begge med støtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Prosjektet har oppstart sommaren 2026.

Kontaktpersonar

Støttespelar

  • Sparebankstiftelsen DNB logo
    1/1