Hopp til hovudinnhald

Frå slutten av 1800-talet starta arbeidet med å bygge opp regionale kulturhistoriske museum i heile Noreg. 

Målet var å «samle inn, bevare, utforske og formidle materielle spor av folks liv og virke i bygd og by», skreiv Hans Aall, som var initiativtakar til Norsk Folkemuseum.

Valdres Folkemuseum vart etablert i 1901.

Målet var å redde det som reddast kunne av «oldsaker» for kvar krets, og samle desse på ein sentral stad, stod det i kronerullingsinvitasjonen som vart sendt ut i forkant.

Å vise fram den lokale byggeskikken vart frå fyrste stund sett som ei sentral oppgåve. Det var som om nasjonsbygginga, byggeskikken og den lokale identiteten hang uløyseleg saman. 

Ideala for korleis ein best bør drive husinnsamling og museumsformidling, har svinga med tilgjengeleg kompetanse og museumstrendar. I 1917 vart Valdres Folkemuseum flytt til Storøye. Samtidig vart det laga ein plan der det var kommunegrensene som var sorteringsmåte i gjenreising av gamle hus. Dei fleste husa som vart flytt til museet før krigen, vart flytt til museet fordi dei vart sett som verdfulle: nokre fordi dei var sjeldne, nokre fordi dei var typiske, mange fordi dei stod i fare for å gå tapt der dei stod. Fleire hus hadde allereie vore flytt fleire gonger før. Rosemåla skåp og innbygde senger følgde i mange tilfelle husa, ofte var det sett som vilkår for at museet i det heile skulle overta huset.

Bygningane vart tekne ned stokk for stokk, og bygningsdelane vart stort sett merkt med kvar dei vart tekne ut. Gjenreisinga skjedde i motsett rekkefølgje av korleis huset vart demontert, og slik prøvde ein så godt som råd å få alle delar på opphaveleg plass. På museet fekk husa tene som utstillingsrom for all slags gamle gjenstandar og tekstilar frå heile dalføret, medan den opphavelege funksjonen til husa var mindre viktig.

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2