Livet i Vikabrøta

Ola_Jacob_Christensen.jpg (Foto/Photo)

Velkomen til foredrag på Kulturhuset torsdag 27. januar kl 19.30. Tema er livet i Vikabrøta og det er Ole-Jacob Christensen og Yvonne Tonnaer som fortel. I snart 30 år har dei budd på det brattlendte bruket på vestsida av Slidrefjorden i Vestre Slidre. Der har dei drive omtrent på same måten som småbruk flest vart drivne til 50-60-talet i fjellbygdene våre, med hest i staden for traktor. Avdråtten har dei foredla heime på bruket. Paret er snart på flyttefot, ut av både Valdres og Noreg, men dei har sytt for arvtakarar som skal føre drifta vidare på same måten.

TID: Torsdag 27. januar 2022 kl. 19.30
STAD: Kulturhuset på Fagernes (NB!)
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget)​
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Billettsal i døra

Årsmøte i Vennelaget: kl. 18.00–19.00, rett før foredraget. Alle medlemmer er velkomne!

  •  (Foto/Photo)
    1/4
  •  (Foto/Photo)
    2/4
  •  (Foto/Photo)
    3/4
  •  (Foto/Photo)
    4/4