Liastølen på Beitostølen Saskia Aleida Van Veen
Midt i sentrum på Beitostølen ligg det gamle Liasælet som eit levande minne om kultur og tradisionar frå gamal tid. Den gamle koselege stølen har òg ein hage med ei stor samling av fjell- og nytteplantar.
TORSDAGAR, FREDAGAR, SUNDAGAR: I perioden 2. juli - 2. august 2026
Valdresmusea held Liastølen open tre dagar i veka. Då møter du vår eigen omvisar som tilbyr opne hus og gode historier. Opningstid er kl. 11-16.
LAURDAGAR: Kl. 12-15 i heile juli og august
Liastølen kulturlag held Liastølen open med eit variert laurdagsprogram - med alt frå til dømes samtaler og foredrag om lokale tema som stølsdrift, folkedraktskikk og fugleliv til demonstrasjonar av gamle handverksteknikkar. Konsertar med song og folkemusikk står òg på plakaten. Desse dagane kan ein kjøpe lappar med rømme og syltetøy, saft og kaffi.
- 1/2
Årets omvisarar Marit Blomlie og Mary-Ann Nøbben, der saman med Solveig Sandberg One Enerud - 2/2
Saskia Aleida Van Veen