Hopp til hovudinnhald

Liastølen

  • tre stølshus bak en skigard
    Liastølen på Beitostølen Saskia Aleida Van Veen

Midt i sentrum på Beitostølen ligg det gamle Liasælet som eit levande minne om kultur og tradisionar frå gamal tid. Den gamle koselege stølen har òg ein hage med ei stor samling av fjell- og nytteplantar. Det var Magnus Sandberg som i 2002 fekk i gang att liv i det gamle selet, om enn på eit litt anna vis enn før i ti'n. Dottera Solveig Sandberg sa seg villig til å føre det gode arbeidet vidare og overtok drifta i 2010. Sidan 2002 har det om sumaren vore mykje spennande å sjå og oppleva på Liastølen i helgane. 

Opningstider

TORSDAGAR, FREDAGAR, SUNDAGAR: kl. 11-16 i perioden 2. juli - 2. august 2026
Valdresmusea held Liastølen open med eigen omvisar som tilbyr opne hus og gode historier. 

LAURDAGAR: KL 12-15 i heile juli og august
Liastølen kulturlag held Liastølen open med eit variert program - fmed alt frå til dømes samtaler og foredrag om lokale tema som stølsdrift, folkedraktskikk og fugleliv til demonstrasjonar av gamle handverksteknikkar. Konsertar med song og folkemusikk står òg på plakaten. Desse dagane kan ein kjøpe lappar med rømme og syltetøy, saft og kaffi.

Eit besøk på Liastølen er gratis! 

Om Valdresmusea og Liastølen

Nytt av året er at Valdresmusea har inngått avtale med Øystre Slidre kommune. Dette inneber at museet held Liastølen open fleire dagar i veka i fem sommarveker, og at museet etter antikvariske prinsipp sørger for å flytte eit légohus som ligg i dag nord for Beitostølen sentrum til Liastølen.

Huset består av to delar, eit i laft og eit i reisverk. På taket det lagt torv. Den lafta delen er i forholdsvis god stand, medan reisverksdelen har store skadar. Legohuset skal takast ned del for del. Det skal fløtast og restaurerast i samarbeid med elevar på byggfaglina på Valdres vidaregåande skule. Restaureringa skal skje under rettleiing frå Valdresmusea eller tradisjonshandverkarar utpeikt av museet.

Å flytte eldre hus vil som oftast vere ei siste løysing. Det er alltid eit mål for kulturminnevernet å sikre hus og kulturmiljø på opphavleg plass. Det er samtidig ein lang tradisjon å fløtte hus – og gje dei nye funksjonar. Slik fører vi òg vidare prinsipp for gjenbruk og ombruk av hus og ressursar. 

  • gammelt hus i utmark
    1/3
    Légohuset før flytting Ole Aastad Bråten
  • Detalj frå gamal dør
    2/3
    Ole Aastad Bråten
  • Innramma bilete på veggen i lègohuset
    3/3
    Ole Aastad Bråten