Valdres-dialekta

Foredrag

  •  (Foto/Photo)

Torsdag 10. mars kl. 19 blir det foredrag om valdresmålet ved Ivar Aars. Gjennom heile sitt vaksne liv har han lagt ned ein enorm innsats for valdreskulturen både i arbeidet sitt ved Valdres gymnas og som ansvarleg for eit ukjent tal lokalhistoriske bøker om Valdres. Mellom anna har han vore skriftstyrar for kring femti årbøker for Valdres historielag! Neste årbok har Valdresmålet som tema, og det passar godt for Ivar å avslutte den lange årbok-karrieren med dette temaet. Velkomen!

TID: Torsdag 10. mars 2022 kl. 19
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum