Hopp til hovudinnhald

Leikeplassen

  • Barnehagebarn med refleksvestar som leiker med vasspumpe og vassrøyr i tre

Til alle barn! Velkomen til museet. Her kan du klatre, hoppe, springe, danse, leike, balansere på stokkar og kaste stein i vatnet. Du kan gjere nesten alt, så lenge du er grei med husa, dyra og dei andre gjestene.

Til dei vaksne: Leikeplassen er laga for at barn skal utforske eigne grenser gjennom sosial, sanseleg og risikofylt leik i eit trygt, naturleg miljø. La barnet klatre og balansere på eiga hand. Ikkje løft det høgare enn det tør, og ikkje press det til noko det ikkje vil. Følg med, men la barnet gjere eigne risikovurderingar.