Ledig stilling - tekstilhandverkar

Norsk institutt for bunad og folkedrakt

  •  (Foto/Photo)

Norsk institutt for bunad og folkedrakt har ledig stilling som tekstilhandverkar i 100%. Stillinga har som oppgåve å vera rådgjevar for bunadtilverkarar, studentar og andre i drakthistoriske emne, rekonstruksjon og praktisk bunadtilverking. Arbeidet omfattar rettleiing og undervisning. I tillegg skal vedkommande ha oppsyn med mønsterarkiv og stoffprøvearkiv, og forvalte tilveksten til desse. 

Send søknad, med CV og referansar til Camilla Rossing: camilla.rossing@bunadogfolkedrakt.no, eller i posten: Camilla Rossing, Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes.

Ved spørsmål, ring Ole Aastad Bråten, direktør ved Valdresmusea: 907 63 635, eller Camilla Rossing, leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt: 920 23 916.

Les meir her.