Hopp til hovudinnhald

Ledig stilling: Førstekonservator

Valdresmusea søkjer førstekonservator
Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres. Valdresmusea driv Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Valdresmusea sin visjon
Vår visjon er at Valdresmusea skal bli det fremste museet i landet i arbeidet med levande tradisjonskultur. Vi skal bygge, forvalte og formidle historisk kunnskap og skape opplevingar med relevans for menneske i notid og framtid. Vi søker ein engasjert førstekonservator som deler vår visjon.

Formålet med stillinga
Førstekonservatoren skal koordinere og sikre ei god utvikling på forskinga ved museet. Konservatoren skal bygge bruer til universitets- og høgskulemiljøa, og utvikle prosjekt som bringer ny kunnskap inn i eige organisasjon og ut til ulike publikumsgrupper. Primært forskingsområde er lokal kulturhistorie generelt og immateriell kulturarv spesielt.

Førstekonservatoren skal drive ei heilskapleg og forsvarleg forvalting og formidling av privatarkiva ved museet. Arbeidet skal gjerast i tråd med museets planar og standardar på området. 

Stillinga inngår i Kulturhistorisk seksjon og svarer til seksjonsleiaren.

Ansvarsområde
Forsking og privatarkiv.

Arbeidsoppgåver:

Forsking og formidling:

  • Forsking på kulturarv, vitskapleg tekstproduksjon og publisering
  • Prosjektutvikling og koordinering av forskingsarbeidet
  • Forelesing, undervisning, faglege omvisingar 

Fysisk og digital sikring av privatarkiv

  • Inntak og ordning av arkiv
  • Registrering i Asta

Andre oppgåver:

  • Bidra til produksjon av utstillingar

  • Utarbeide rutinar, system og arbeidsplanar
  • Halde dialog med KulturIT om Asta 
  • Orientere jamleg om status og melde frå om avvik
  • Delta i relevante nettverk (regionale og nasjonale)
  • Delta i anna museumsarbeid etter avtale med overordna

Vi kan tilby:

  • Ei ansvarsfull stilling med høve til personleg utvikling
  • Høve til å påverke profil og utvikling av Valdresmusea
  • Eit positivt og hyggeleg arbeidsmiljø
  • Medlemskap i KLP si pensjonsordning

 Dine evner:

  • Du er kunnskapsrik, nysgjerrig og interessert i kulturhistorie
  • Du har evne til å kommunisere både i lokalsamfunnet og i akademiske miljø
  • Du er fagleg, nøyaktig og strukturert
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har stor kapasitet og evne til å ferdigstille arbeid på frist
  • Du kan etablere system og følgje opp rutinar og instruksar
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på bokmål, nynorsk og engelsk
  • Du har god samarbeidsevne

Din kompetanse:

  • Høgare utdanning (Phd/førstekonservator) innan kulturhistorie eller andre relevante fag
  • Dokumentert breidde i publiseringar
  • Erfaring med forsking og forskingsformidling i museum og/eller kultursektoren
  • Relevant prosjekterfaring
  • God IKT-kunnskap

Stillingsprosent: 100 %

​Arbeidsstad: Fagernes (ynskjeleg om du har tilgang til eige bil)

For meir opplysning om stillinga, kontakt direktør Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635, eller seksjonsleiar Anne Marit Noraker, mobil 911 03 969. «Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar» gjeld for Valdresmusea. Valdresmusea legg vekt på mangfald, og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Søknad med CV sender du til ole.aastad.braten@valdres.museum.no eller Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes. (Merk «søknad førstekonservator»). Attestar skal berre sendast ved førespurnad.

 Søknadsfrist: Fredag 11. oktober 2024

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2