Valdresmusea søkjer antikvarisk handverkar
Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres. Valdresmusea driv Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling, Bautahaugen Samlinger og Norsk institutt for bunad og folkedrakt.
Vi søkjer handverkar i 100 % stilling ved Valdres Folkemuseum.
Valdresmusea sin visjon
Vår visjon er at Valdresmusea skal bli det fremste museet i landet i arbeidet med levande tradisjonskultur. Vi skal bygge, forvalte og formidle historisk kunnskap og skape opplevingar med relevans for menneske i notid og framtid. Vi søker ein engasjert og sjølvstendig handverkar som deler vår visjon.
Ansvarsområde
Stillinga er underlagt Antikvarisk seksjon og svarar til seksjonsleiaren. Seksjonen har ansvar for restaurering og vedlikehald av antikvariske hus og anlegg, samt arbeid med vidareføring av tradisjonell handverkskunnskap.
Arbeidsoppgåver
- Restaurering og vedlikehald av antikvariske hus og anlegg
- Dokumentasjon undervegs og i etterkant av tiltak
- Bistå i gjennomføring av handverkskurs (instruksjon, planlegging, tilrettelegging mm)
- Andre førefallande oppgåver
Dine evner
- God innstilling til antikvarisk bygningsvern
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- God samarbeidsevne
Din kompetanse
- Handverkspraksis frå arbeid med tradisjonshandverk og antikvariske bygg
- Utdanning frå fag- og høgskule, eller samanliknbar kompetanse gjennom kurs og erfaring
- Sertifikat for bil og traktor
Vi kan tilby
- Anledning til fagleg og personleg utvikling
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø og deltaking i eit unikt fagmiljø
- Medlemskap i pensjonsordningane i KLP
- Løn etter avtale
Stillingsprosent: 100 %
Arbeidsstad: Fagernes (ynskjeleg om du har tilgang til eige bil)
For meir opplysning om stillinga, kontakt direktør Ole Aastad Bråten, mobil 907 63 635, eller seksjonsleiar Odd Arne Rudi, mobil 976 89 065. «Landsovereinskomsten for museum og andre kulturinstitusjonar» gjeld for Valdresmusea. Valdresmusea legg vekt på mangfald, og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn eller kulturell bakgrunn.
Søknad med CV sender du til ole.aastad.braten@valdres.museum.no eller Valdresmusea, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes. (Merk «søknad handverkar»). Attestar skal berre sendast ved førespurnad.
Søknadsfrist: Fredag 11. oktober 2024