Vi skal feire langeleiken i Sør-Aurdal og dele gamal og ny kunnskap om spelemenn, langeleikmakarar og musikken. Alle er varmt velkomne til ein kveld i selskap med dei rike langeleiktradisjonane i Sør-Aurdal!
TID: Sundag 23. oktober 2022 kl 18.00
STAD: Bagn Bygdesamling
PRIS: Kr 100 (inkl. kaffi og kake)
ARR: Valdresmusea og lokale samarbeidspartnarar
Program
- Solfrid Olmhus har med elevane sine frå Sør-Aurdal kulturskule, så vi kan glede oss over rekrutteringa.
Begnaljom spelemannslag blir med på å feire Ragnhild Kolsrud som vann langeleik, eldste klasse på Landskappleiken på Rjukan i sommar!
- På arkiv cd-en «Høyre du, mann!» kan du høyre Kristine Klemetsrud og Anders Bøen spela, like eins Mikkel Storeli frå Nes som lærde spel av Ola Brenno.
- Oddrun Hegge har auge for handverket og kva det kan fortelje oss om instrumentet.
- Ole Aastad Bråten har med seg leiken laga av Kristoffer Juvkam, som Henrik Wergeland hadde tinga, og som i dag er på Valdres Folkemuseum.
- Elisabeth Kværne fortel om boka «Langeleiken-heile Noregs instrument» som kom ut for snart eit år sidan. I boka er åtte eldre og fire nyare langeleikar frå Sør-Aurdal omtala, og vi kan sjå nærare på fleire av desse. Her finn vi nye opplysningar om Trond i Bergsbrøta, som er ein av dei eldste langeleikspelarane vi kjenner namnet på, om langeleikmakarar i Reinli og om langeleiken Ola Brenno tinga til Kong Haakon, men som vi ikkje veit om han fekk…
- Høyr dei to låttane Ludvig M. Lindeman skreiv opp etter Ingri Rustebakke Garthus i 1848.
- 1/1
Langeleiken som Henrik Wergeland tinga. Laga av Kristoffer Juvkam.