Hopp til hovudinnhald

Langeleik-feiring

Opplæringsfilmar, cd og bok. Langeleiken er på frammarsj. Då må vi feire!

I desember 2021 gav folkemusikkarkivar og langeleikspelar Elisabeth Kværne, saman med Bjørn Aksdal, ut boka Langeleiken – heile Noregs instrument. Boka er eit solid og grundig dokumentasjonsarbeid over langeleiken i Noreg gjennom tidene. Velkommen til lansering! I 2021 vart det og lansert nye opplæringsfilmar på langeleikspel, i regi av Norsk langeleikforum. Ein langeleik-CD såg òg dagens ljos dette året. Alt dette – og meir til – ynskjer vi å feire. Grundig! Velkommen til lansering, slepp og presentasjon.

Servering av kaffi og kake. Gratis inngang!

TID: Torsdag 5. mai kl. 18.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum, Fagernes
ARR: HILME året rundt, Valdresmusea og Norsk langeleikforum

  • 1/1
Museum24:Portal - 2025.07.11
Grunnstilsett-versjon: 2