Hopp til hovudinnhald

Lake District

  • Store trær med plankesti
    Borrowdale, Lake District Anne Marit Noraker

Lake District står på UNESCO si verdsarvliste og er klassifisert som eit Area of Outstanding Natural Beauty. I dag er området eitt av dei viktigaste reiselivsprodukta i England, med rundt 18 millionar besøkande kvart år.

Våren 2024 reiste prosjektgruppa i Eit skigardsdele på studietur til Lake District. Målet var å lære meir om samhandlinga mellom landbruk og reiseliv, og å undersøkje kva utfordringar som oppstår når ulike aktørar med ulike interesser møtest. Mange av desse problemstillingane har klare parallellar til dei utfordringane stølslandbruket møter i våre eigne område.

Gjennom besøk til fleire forfattarheimar vart det tydeleg kor viktig språk og litteratur har vore for forståinga og etableringa av Lake District som eit mytisk landskap – ei slags litterær og romantisk heilaggjering. Forfattarar som Beatrix Potter, William Wordsworth og John Ruskin, og i dag Helen og James Rebanks, har på kvar sine måtar løfta området gjennom poesi og forteljingar. Dei skapte kunst av naturen og kulturen i dei vestlege fjellområda, og bidrog sterkt til å vekkje interesse for natur og naturvern.

Vi møtte representantar for National Trust, som har ei sentral rolle i å oppretthalde UNESCO-statusen gjennom langsiktig bevaring og internasjonalt samarbeid. Foreininga eig og tek vare på gardar, hus, hagar og kulturlandskap. Dette gjer dei med både heiltidsansette og eit stort nettverk av frivillige, som hjelper med alt frå naturpleie til å ta imot besøkande. Døme på tiltak er restaurering av steinmurar, treplanting og vern av innsjøar. Mykje av arbeidet handlar om å bevare tradisjonelt jordbruk og støtte lokalsamfunnet si rolle i landskapet.

Vi var òg innom Keswick Museum. Der la dei vekt på korleis Lake District har utvikla seg til ein turistdestinasjon - og korleis dette påverkar både naturen og lokalsamfunnet.

  • James Rebanks og seks stk museumsarbeidere fra Innlandet
    1/2
    Prosjektgruppa i Eit skigardsdele, saman med James Rebanks. Ole Aastad Bråten
  • Kulturlandskap, steingjerde og folk
    2/2
    Kulturlandskap, steingjerde og representantar for National Trust. I Borrowdale, Lake District. Knut Aastad Bråten