Lomismadonnaen
Tre stavkyrkjeplankar og ein stav frå Fystro stavkyrkje
Ein portalvange avhogd på begge sider og avkutta i begge endar. Mykje av treskurden med ranke- og dyreornamentikk er hogd vekk fordi planken seinare vart brukt som låvegolv. På høgre side av planken ser ein restar av ei halvsøyle med sylindrisk kapitel og rankeornamentikk.
Ein udekorert planke frå ein søyleportal. Over kapitelet er utspring for portalboge over ei dør.
Ein veggplanke med luke. Gjennom luka kunne dei som ikkje fekk kome inn i kyrkja etter tradisjonen skrifte og ta imot sakramentet.
Ein stav som seinare skal ha vore brukt som mønsås i eit stølshus. Staven har innhogg i eine enden og fleire innfellingar.
Hjørnestav frå Øde stavkyrkje (Øyjar)
Staven har nót for to veggar. I enden av staven er det ei kløft for opplegg av ein bjelke som har gått diagonalt i forhold til veggane. Det er innhogg for ein vassrett bjelke litt nedanfor kløfta. Staven var seinare brukt som portalstolpe ved inngangen til kyrkjegarden. Kløfta og innhogget i staven kan vera frå denne bruken. Staven låg seinare i klokkestupulen ved Øyar kapell og vart utsett for vind og regn.
Mellomaldergravminne av kleberstein
Tre delar frå Mo kyrkjeruin. Gravsteinar frå gamlekyrkja på Svenes, Hegge stavkyrkje og Slidredomen. Korset manglar, men steinane frå Mo, Svenes og Hegge har restar av kors-sirkelen og rilleborden med det normanniske stjernemotivet «sunken star». Ein stein frå Mo har flettemotiv på baksida, medan steinen frå Slidredomen har flettemotiv på begge sider. Holet nedst er truleg for ein pinne som har støa steinen. Slike gravsteinar kunne stå i kvar ende av grava, med ei horisontal steinplate mellom, som ei seng. Steinane er frå om lag år 1200 og høyrer til ei gruppe romanske hjulkors som er importerte frå Gudbrandsdalen.
Replika av smijernsbeslaget på kyrkjedøra til Hedalen stavkyrkja
Står stilt ut i festsalen på Valdres Folkemuseum.
Lomismadonnaen
Står utstilt i utstillinga Rotasjon.
Kyrkjebenk frå stavkyrkja som sto i Skrautvål
Står utstilt i utstillinga Rotasjon. Under eit utsntitt.
- 1/1