Hopp til hovudinnhald

Kvifor et vi som vi gjer i Noreg?

Vennelagsforedrag

Foredrag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
26. mars 2026
19.00
Portrett Lisbeth Michelsen

Kva åt folk før? Korleis vart maten tilberedt? Kor mange måltid hadde ein? Korleis har ferdigheiter, kunnskap og idear blitt vidareført og endra? Dette er berre nokre av spørsmåla sosiolog Annechen Bahr Bugge vil svare på i sitt føredrag.

Med utgangspunkt i boka si Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere – mat og spisevaner i Norge fra 1500-tallet til vår tid, vil ho fortelje om kvar vi har fått impulsane frå, kva periodar som har vore viktige for endringane i kosthaldet vårt, og korleis vi et i dag. Med døme frå seterkulturen vil ho illustrere korleis ferdigheiter, kunnskap og idear har blitt vidareført og endra, og korleis hendingar, nye vilkår og erfaringar har påverka matvanane våre gjennom tidene.

TID: Torsdag 26. mars 2026 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.

Om Annechen Bahr Bugge

Annechen er sosiolog (dr.polit) og forskar I ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO, OsloMet – storbyuniversitetet. Ho har i ei årrekkje forska på problemstillingar knytte til mat og spisevanar. I 2005 tok ho doktorgrad i sosiologi ved NTNU med avhandlinga Middag – ein sosiologisk analyse av den norske middagspraksisen.

I 2019 gav ho ut boka Fattigmenn, tilslørte bondepiker og rike riddere, som utforskar norske spisevanar frå 1500-talet og fram til i dag. Boka stiller spørsmål som: Kva og korleis har nordmenn ete gjennom tidene? Korleis har ferdigheiter, kunnskap og idear blitt vidareført og endra? Og kva kan vi lære av vår mathistorie?

Frå 2021 til 2024 leia ho forskingsprosjektet FoodLessons, som fokuserte på kulinarisk arv som ein ressurs i bygginga av matnasjonen Noreg 2030. Målet var å utforske og formidle vår kulinariske arv på ein måte som mobiliserer til nytenking og innsats for kunnskaps- og næringsutvikling. Prosjektet søkte òg å vise fram vår mangfaldige mat- og drikkekultur på innovative og spennande måtar, samt stimulere til betre samspel mellom tradisjonar og nye impulsar.

Frå 2025 til 2028 leiar ho forskingsprosjektet FoodStories, som har som mål å auke forståinga av Noregs mat- og drikkearv og potensialet for verdiskaping, berekraft og kulturell berikelse.

Annechen har hytte på Kruk.