Velkomen til foredrag med tradisjonshandverkar Tone Bråthen. Ho er møbelsnekker med fordjupning i tradisjonshandverk, og har erfaring med restaurering av gamle vindauge. Denne kvelden vil ho setja søkelys på det ho meiner er viktig ved arbeid med vindauge; stilhistorie, kvifor bevara, materialkvalitet og restaurering. Foredraget er ein del av eit kurs i produksjon av varevindauge, men er ope også for andre. Om du ynskjer å vera med på kurset kan du gjerne melda deg på. Om du vil vera med berre på fordraget er du også velkomen til det!
Enkel servering. Alle er velkomne!
TID: 3. mai kl 19.
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 50 (gratis for kursdeltakarar)
Les meir
Vil du også melde deg på kurset som går denne helga? Les meir her: