Hopp til hovudinnhald

Kva er vitsen?

Boklansering

NB! Arrangementet har funne stad

Boklansering

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
28. okt. 2025
19.00

Ingar Ranheim (1953–2024) var folkemusikar, dansar, historikar – og ein stor humorist. Ved hjelp av djupe, lune, barnslege, underfundige, morosame og alvorlege vitsar og historier takla han følgjesveinen gjennom tjue år, herr Parkinson. På slutten av livet skreiv han ned desse vitsane, med god hjelp av dottera Ragnild, og no kjem dei i bokform på Kvitvella Forlag. Boka har fått tittelen Kva er vitsen?, – ein tittel med dobbel botn, som mange av historiene.

Ingar Ranheim var konservator og direktør ved Valdres Folkemuseum, og han var aktiv i Vårflaumen spel- og dansarlag. Kva er vel meir naturleg enn å lansere boka på Valdres Folkemuseum, i samarbeid med museet og Vårflaumen?

Læreguten Bjørn Strand vil fortelja om Ingar, Ragnild Ranheim Lome fortel om boka, og det blir langeleikspel og innslag av dans. Alle er hjarteleg velkomne.

TID: Tysdag 28. oktober kl. 19.00. Kaffi og kaker blir servert frå kl. 18.30.
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
ARR: Kvitvella forlag, Vårflaumen og Valdresmusea

Gratis inngang

  • Gult bokomslag
    1/1