Hopp til hovudinnhald

Laftekurs

6-dagars kurs i lafting

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
14. – 19. sep. 2026
Detaljbilete av laft under kurs Anne Marit Noraker

Kursinnhald

På kurset skal me lære å lafte. Det blir mest praktisk arbeid, men også noko teori. Det blir lafting på fleire mindre hus. Det vert også runder på museet sitt anlegg, der me skal få vera med og leita etter verktøyspor, og sjå på ymse laftemåtar, frå 1300-talet og fram mot vår tid. Det er ikkje nødvendig med kunnskap om lafting frå før. Det blir servert dugurd. Les meir om lafting her.

Fakta

INSTRUKTØR: Tradisjonshandverkar Håvar Aabol

TID: 14. til 19. september, måndag til og med laurdag (45 timar over 6 dagar)

OPPLEGG: Oppstart 9.00 fyrste dagen, elles 8.00 – 16.00. Avslutning 15.00 siste dagen. Dagane startar gjerne med ein liten teoretisk gjennomgang, elles vil det gå i praktisk lafting. 

STAD: Festplassen på Valdres Folkemuseum

PRIS: 5400 (standard) 
Kr 4900 for medlemmer av Verne-Vøla 
Kr 4900 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 2650 for dei under 26 år​ (PS: Ungdomsprisen er sponsa litt ekstra)

Mat, materialar og verktøy er inkludert i prisen. Om du har verktøy du ynskjer å ta med så gjer gjerne det!

PÅMELDINGSFRIST: 2. september

ARRANGØR: Valdresmusea

Med atterhald om endringar

Spørsmål