Handverkskurs

Kurs i muring, smiing, lafting - og mykje meir!

OM KURSA

Valdresmusea har sidan 2009 skipa til kring hundre handverkskurs der nær 900 deltakarar frå heile landet har fått opplæring i ulike eldre handverksteknikkar. 

Målgruppa er særleg huseigarar, handverkarar og andre med interesse for eldre handverksteknikkar. Kursa blir som regel organisert som samlingar med forelesningar og praktisk øving. Valdresmusea har ikkje ekspertise på alle typer bygningar eller handverk, men kan formidle vidare kven som sit med den beste kompetansen.

Dei fleste kursa har ein varigheit på rundt 20 timar, medan nokre er dobbelt så lange eller dei er av meir seminarmessig karakter. På nettsida vår kan ein lese meir om kursrekka og korleis Valdresmusea arbeider med levande tradisjonskultur.

Nasjonale og internasjonale plikter

Kursserien er viktig for kursdeltakarane, men arbeidet i Valdres står òg i ein større samanheng. Gjennom internasjonale konvensjonar er vi som nasjon forplikta til å sikre svake kulturelle ytringsformer, både dei materielle og dei immaterielle. Noreg ratifiserte UNESCO sin konvensjon om immateriell kulturarv i 2007. Konvensjonen er eit viktig oppdrag for UNESCO og for deltakarlanda kviler forventingar til å realisere særskilte mål innfor kulturarvfeltet. Ratifiseringa sikrar ikkje tilskott frå UNESCO, men pliktar deltakarlanda til sjølve å sikre dei økonomiske rammene til arbeidet med den immaterielle kulturarven.

Valdresmusea følgjer pliktene med konvensjonen nøye. Norsk institutt for bunad og folkedrakt, som er ein del av Valdresmusea, er akkreditert NGO i UNESCO. Slik er Valdresmusea ein viktig stemme overfor styresmaktene i spørsmål om norsk tradisjonskultur.

Web_Valdresmusea_2020-9579.jpg (Foto/Photo)

Døme på tema for tidlegare kurs

  • Tekking med skifer, torv, bork, never eller spon
  • Tradisjonelle metodar for overflatebehandling, eksteriør og interiør
  • Dekorative malingsteknikkar, sjablonmåling, linoljemåling og produksjon av måling
  • Istandsetjing av gamle omnar
  • Kolmilebrenning og jarnproduksjon
  • Dokumentasjon og oppmåling
  • Sliping av verktøy
  • Instrumentbygging
  • Spinning med rokk og handtein