Hopp til hovudinnhald

Mellomalderkyrkjeprosjektet

Kunnskapsløft for mellomalderkyrkjene i Valdres

  • Prosjektarbeidarar, frivillige og besøkande utanfor Slidredomen
    Prosjektarbeidarar, frivillige og besøkande utanfor Slidredomen

Kva rolle kan dei åtte mellomalderkyrkjene i Valdres spele i lokalsamfunna i dag og i framtida? Kyrkjene er både freda kulturminne, gudshus i aktiv bruk, besøksmål og viktige identitetsmerke. Gjennom Kunnskapsløft for mellomalderkyrkjene i Valdres utforskar vi korleis dei kan vere ressursar for læring, fellesskap og lokal utvikling, samtidig som vi tek vare på kyrkjene og verdiane dei representerer.

Prosjektet starta i mars 2026 og er støtta av Kyrkjebevaringsfondet. Valdresmusea samarbeider med kyrkjeeigarar og andre lokale og regionale aktørar om å sjå bevaring, bruk, formidling og lokal utvikling i samanheng.

Målet er å sjå bevaring, bruk, formidling, besøksforvaltning og lokal utvikling i samanheng.

Mellomalderkyrkjeprosjektet byggjer samtidig vidare på det større utviklingsarbeidet i Valdresmusea. Gjennom eige forprosjekt har vi undersøkt korleis samarbeid, kunnskapsdeling og arbeidsdeling på kulturarvsfeltet i Valdres kan styrkast. Les meir: Kulturarven og samfunnet.

Kva skal prosjektet bidra til?

Gjennom prosjektperioden skal vi:

  • styrke kunnskapen om dei åtte mellomalderkyrkjene og kulturmiljøa rundt dei
  • undersøke potensialet for formidling, undervisning og lokalt engasjement
  • styrke kyrkjene som møteplassar og kunnskapsarenaer
  • kartleggje og vurdere kunnskaps- og kjeldetilfang
  • utvikle betre samarbeid mellom kyrkja, museet, lokalsamfunna, kulturminneforvaltninga og andre aktørar

Alle mellomalderkyrkjene i Valdres er eigde av kyrkjesokna, og alle er i større eller mindre grad i kyrkjeleg bruk. Samarbeidet med kyrkjeeigarane, kyrkjeleg tilsette, sokneråd, fellesråd og frivillige er derfor grunnleggjande for prosjektet. Prosjektet skal også bidra til kunnskapsdeling og samarbeid som kan vere nyttig for dei som forvaltar, brukar og arbeider med kyrkjene i det daglege. 

Kva har vi gjort i 2026?

Det første prosjektåret har i stor grad vore brukt til kartlegging, medverknad og utprøving. Vi har ønskt å få fram erfaringar og behov før vi peikar ut retninga for det vidare arbeidet.

Kartlegging og medverknad: Vi har gjennomført møte og intervju med kyrkjeverjer, prestar, kyrkjetenarar, klokkarar, kyrkjelydspedagogar, sokneråd og fellesråd, sommartilsette guidar og ei rekkje lokale, regionale og nasjonale samarbeidspartnarar. Sommaren 2026 gjennomførte vi òg spørjeundersøkingar blant besøkande og guidar i stavkyrkjene.

Formidling og møteplassar: Saman med lokale aktørar har vi prøvd ut ulike arrangement i og ved kyrkjene. Det har mellom anna vore bygdekveldar ved Reinli stavkyrkje og open kveld i Ulnes kyrkje i samband med restaureringsarbeid. 

Skule og unge: I samarbeid med kyrkjekontoret, kommunen og ungdomsskulen i Øystre Slidre har vi utvikla og prøvd ut eit nytt undervisningsopplegg for 10. trinn med Hegge stavkyrkje, bygda og landskapet rundt som utgangspunkt. Opplegget gjekk over to veker og lét elevane utforske kulturarven gjennom ulike fag og arbeidsmåtar.

Les meir: Stavkyrkja, bygda og landskapet rundt.

Kunnskapsdeling: I september 2026 arrangerte vi ein todagars kyrkjeformidlingskonferanse der vi samla ulike fagmiljø til samtale om korleis kyrkjene kan formidlast som både kulturminne, gudshus og levande samfunnsarenaer.

Les meir om seminaret: Program - Mellom alter og monter. 
Sjå og høyr foredraga i opptak: Filmopptak - Mellom alter og monter.

Kva ser vi så langt?

Kartlegginga viser at det er stort engasjement for mellomalderkyrkjene, men også store skilnader mellom kyrkjene når det gjeld besøk, bemanning, organisering og formidling.

Kyrkjene har fleire roller samtidig. Dei er gudshus og freda kulturminne, men også besøksmål, læringsarenaer og viktige stader for lokal historie og identitet. Dei ulike rollene skaper moglegheiter, men stiller også krav til samarbeid, kunnskap og god besøksforvaltning.

Arbeidet så langt peikar mellom anna på behov for betre tilgang til og samordning av besøksinformasjon, meir systematisk opplæring av guidar og andre formidlarar, betre deling av kunnskap og tettare samarbeid mellom kyrkjeeigarane, museet, lokalsamfunna og kulturminneforvaltninga.

Samtidig ser vi eit stort potensial for å bruke mellomalderkyrkjene meir aktivt som utgangspunkt for undervisning, lokalhistorie, arrangement og møte mellom menneske, og slik styrke kyrkjene som ressursar i lokalsamfunna.

Arbeidet vidare

Erfaringane frå kartlegginga og utprøvinga i 2026 skal no brukast til å konkretisere det vidare arbeidet.

I neste fase går vi frå kartlegging og utprøving til vidare utvikling og konkretisering av tiltak. Eit viktig spørsmål er kva Valdresmusea kan bidra med på kort og lang sikt, og korleis vi saman med kyrkjeeigarane og andre aktørar kan utvikle meir robuste samarbeidsstrukturar rundt mellomalderkyrkjene.

I 2027 vil vi mellom anna arbeide vidare med opplæring og ressursar for guidar og formidlarar, undervisning og lokal formidling, samarbeid og arbeidsdeling rundt kyrkjene, og gradvis styrkje kunnskapsgrunnlaget for det vidare arbeidet.

Målet er ikkje berre å gjennomføre tiltak i prosjektperioden, men å utvikle kunnskap, samarbeid og arbeidsmåtar som kan vare også etter at prosjektet er avslutta.

Prosjektansvarlege

Anne Marit Noraker

Seksjonsleiar, kulturhistorisk seksjon

Prosjektleiar Mellomalderkyrkjeprosjektet

Nina Espeseth Grønbrekk

Kulturmiljørådgjevar