Opplandsarkivet

I museumsmagasina fins papirarkiv, foto, film og lyd, mønster, teikningar, kart, digitale arkiv og publisert materiale.

Anne_Marit_Noraker_034.tif (Foto/Photo)

FAKTA OM ARKIVA

Valdresmusea bevarer over 700 privatarkiv etter bedrifter, lag og foreiningar og privatpersonar i Valdres. 

Ved å klikke her eller på Arkivportalen.no finn du informasjon om arkiv som er avlevert til Valdresmuseas avdelingar.

Valdresmusea er del av Opplandsarkivet, eit nettverk av museumsarkiv i Oppland. Opplandsarkivet har avdelingar på Valdres Folkemuseum, Bagn Bygdesamling og Bautahaugen Samlinger. Her tek vi vare på papirarkiv, fotoarkiv og musikkarkiv og gjer desse tilgjengeleg for alle interesserte. Arkivarbeidet følgjer Arkivverkets regelverk.

Kontakt Valdresmusea på førehand for å avtale innsyn eller avlevering.

NORSK INSTITUTT FOR BUNAD OG FOLKEDRAKT: Sjå eige nettside

Avlevering eller innsyn

Vil du avlevere arkiv til Valdresmusea? Avlevering må alltid avtalast på førehand. Mange av basene ligg tilgjengelege på nett. For andre arkiv kan du søke innsyn.