Hopp til hovudinnhald

Kulturhistorisk tur til Idstad, Volbu

NB! Arrangementet har funne stad

Kulturhistorisk tur med vennelaget

Volbu, Idstad Valdresmusea
25. juli 2026
  • gardstun
    Anne Marit Noraker

Vennelaget inviterer til vandring i jarnalderlandskap med graver og åkerreiner, og besøk på gardsmuseet på Idstad. Torleiv Idstad er sjølv guide og ynskjer velkomen.

På Idstad kan du sjå fleire større gravhauger fra jernalderen. Gravminna har ikkje vore opna. Det er gjort spanande gardshistoriske funn i nærheten, mellom anna eitt gravfunn med nærare 80 perler og prydgjenstandar av bronse, sølv og gull. Torleiv Idstad har bygd opp eit flott og interessant gardsmuseum og har mykje interessant historie å fortelja.

Servering: Vaffel og kaffi.

Avgrensa antal plasser, påmelding til Gunnar Modén: gunnar@moden.as.

STAD: Idstad i Volbu
TID: Laurdag 25. juli 2026
OPPMØTESTAD: Oppmøte på parkeringsplassen på Valdres Folkemuseum kl 12, utflukt i privatbilar, kvar bil finansiert ved fordeling på passasjerane. Det er også mogleg å møte opp direkte på Idstad kl. 12.30.
MEDLEMSTUR: Arrangementet er for medlemer av vennelaget. Er du ikkje medlem? Då kan du melde deg inn HER 
PÅMELDINGFRIST: 20. juli
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

 

  • Gravhauger på jorde
    1/2
    Anne Marit Noraker
  • mann med butt
    2/2
    Torleiv Idstad Anne Marit Noraker